• Skriv ut

Vurdering av prøva

Hovedinnhold

Prøvenemnda skal vurdere kompetansen til kandidaten slik den er dokumentert gjennom fag- eller svenneprøva, og fastsetje karakter.

  • Artikkel
  • Publisert: 12.08.2011

Karakteren skal gi uttrykk for i kva slags grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget. I vurderinga skal det nyttast ein tredelt karakterskala: bestått meget godt, bestått eller ikkje bestått. Det er fylkeskommunen som fastset kven av prøvenemndsmedlemma som skal avgjere karakteren dersom det er usemje.

I vurderingsarbeidet er det ikkje tilstrekkeleg å utøve fagleg skjønn og vurdere kandidaten ut frå prøvenemnda sine eigne røynsler frå arbeid i faget. Ein objektiv og rettferdig vurdering krev at nemnda:

  • Vurderer kompetansen i lys av kompetansemåla i læreplanen for faget/ opplæring i bedrift. Vurderingsgrunnlaget til prøvenemnda skal vere i tråd med læreplanen.
  • Har utarbeidd eit eiget grunnlag for vurdering av kandidaten sitt arbeid med fag- og svenneprøva. Hovudpunkta i dette grunnlaget skal gjerast kjend for kandidaten.
  • Har skaffa seg eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til kandidaten. Det inneber at den må innhente dokumentasjon frå alle vesentlege sider av prøva. Dokumentasjonen kan vere skriftleg eller innhenta ved observasjon, gjennom bilettaking, gjennom videoopptak eller i samtale.
  • Vurderer kompetansen til kandidaten – det vil seie emne til å løyse ein kompleks/samansett oppgåve under prøva.