• Skriv ut

Oppmelding

Hovedinnhold

Lærebedrifta eller skolen har ansvaret for å melde lærlingen eller eleven opp til fag- eller svenneprøva. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til fag og svenneprøva.

  • Artikkel
  • Publisert: 12.08.2011

Ansvar for gjennomføring

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for gjennomføring av fag- og svenneprøva for lærlingar og kompetanseprøva for lærekandidatar.

Ansvar for oppmelding

Lærebedrifta eller skolen har ansvaret for å melde lærlingen eller eleven opp til fag- eller svenneprøva. Lærebedrifta melder lærekandidaten til ei kompetanseprøve.

Kor skal meldinga sendast?

Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakta eller opplæringskontrakta er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen.

Praksiskandidatar

Kandidatar med lang relevant praksis kan ta fagbrev sjølv om dei ikkje er lærlingar. Desse kandidatane blir omtala som praksiskandidatar etter Opplæringslova § 3-5.

Melding av praksiskandidatar

Praksiskandidatar må sjølve melde seg til fag og svenneprøva. Meldinga går til fylkeskommunen innan dei fristar som er fastsett av fylkeskommunen.

Før praksiskandidatane melder seg til fag- og svenneprøva, skal dei ha bestått eigen skriftleg eksamen i faget.