• Skriv ut

Klage på fag- og svenneprøva

Hovedinnhold

Ein lærling som har fått karakteren ikkje-bestått på fag- eller svenneprøva kan klage på prøva.

  • Artikkel
  • Publisert: 12.08.2011

Kandidaten kan klage på to grunnlag

Desse er

  1. formelle feil eller andre ikkje-faglege feil
  2. den faglege vurderinga

Fristen for å klage er tre veker, og ein reknar fristen frå det tidspunktet meldinga om vedtaket (dvs. karakteren) har kome fram til lærlingen eller frå det tidspunktet han/ho burde gjort seg kjend med karakteren. Dette tyder at det ligg eit ansvar på lærlingen om å gjera seg kjend med vedtaket.

Klage på fag- og svenneprøve skal sendast til fylkeskommunen der prøva er haldt.

Kva klaga må innehalde

Klaga må

  • framsettast skriftleg
  • underteiknast av klagaren eller av ein med fullmakt
  • vise til kva det klagast på og innehalde ei grunngiving
  • om naudsynt gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere om klagaren har rett til å klage, og om klagefristen er overhaldt

For ytterlegare informasjon om klagetilgang sjå forskrift til opplæringsloven kapitel 51.