Fag- og svenneprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månadar frå dette tidspunktet.
- Artikkel
-
Publisert: 12.08.2011
Kor prøva skal gjennomførast
Prøva skal gjennomførast i den bedrifta eller verksemda som kandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta.
Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein anna stad.
Skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget
Prøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget, slik det er forklart i læreplanen for opplæring i bedrift i faget. Det skal vere mogleg å teste kandidaten i alle kompetansemåla i læreplanen for faget.
Arbeidsoppgåvene i prøva skal reflektere krava til fagleg kompetanse. Det er prøvenemnda som har ansvaret for at kandidaten sin kompetanse i faget blir prøvd på forsvarleg måte.
Kva oppgåva skal innehalde
Oppgåva skal klart definere innhaldet i det ein forventar av arbeidet til kandidaten. Innanfor ramma av kompetansemåla i læreplanen skal oppgåva prøve kandidaten i
- planleggjing av arbeidet og grunngjeving av valde løysingar
- gjennomføring av fagleg arbeid
- vurdering av eiget prøvearbeid
- dokumentasjon av eiget prøvearbeid
Sjå også forskrift til opplæringslov § 3-57.