Fag- eller svenneprøva markerar avslutninga av eit godkjend utdanningsløp som i hovudmodellen er samansett av to år i skole og to år med læretid i bedrift. Fagbrevet eller svennebrevet, er dokumentasjon på at innehavaren har den kompetansen som er omtalt i læreplanen.
Hovudpunkt
Lærebedrifta eller skolen har ansvaret for å melde lærlingen eller eleven opp til fag- eller svenneprøva. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til fag og svenneprøva.
Fag- og svenneprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vera avslutta seinast innan to månadar frå dette tidspunktet.
Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik den er dokumentert gjennom fag- eller svenneprøva, og fastsetje karakter.
Ein lærling som har fått karakteren ikkje-bestått på fag- eller svenneprøva kan klage på prøva.
Innhold Fag- og svenneprøver