• Skriv ut

Retningslinjer for sentral sensur

Hovedinnhold

Retningslinjer for sentral sensur ved sentralt gitt skriftleg eksamen i grunnskolen, grunnskoleopplæring for vaksne og vidaregåande opplæring

  • Artikkel
  • Publisert: 17.04.2008
  • Sist endret: 07.06.2011

Ved sentralt gitt skriftleg eksamen skal kvart prøvesvar sensurerast av to sensorar (jf.forskrifta til opplæringslova §§ 3-28 og 4-21). Fylkesmannen har ansvaret for å oppnemne sensorar.

Sensorane skal vurdere prøvesvara i samsvar med reglane i forskrifta til opplæringslova.

Prøvesvara skal førast med penn eller vere utskrifter. Dersom eit prøvesvar er levert som kladd, og det ligg ved særskild melding om spesielle tilhøve som ligg til grunn for dette, skal ein sjå på kladden som ein fullgod del av svaret. Sensor skal ikkje notere på sjølve prøvesvaret.

Viktige dokument ved sensureringa

  • Vurderingsrettleiing
  • Brukarrettleiing for sensurarbeidet i PAS

Eventuelt:

  • sensorrettleiing
  • vurderingsskjema
  • førehandssensur

Det er berre rektor som kan avgjere om eleven har fuska, jf. §§ 3-37 og 4-30. Dersom sensor har mistanke om at eleven har fuska til eksamen, skal sensor gje melding til fylkesmannen om dette på fellessensurmøtet. Sensor skal setje karakter på prøvesvaret ut frå reglane for vurdering i forskrifta til opplæringslova.

Praktiske opplysningar

Ved å logge seg på PAS får sensor oversikt over:

  • kandidatar som skal vurderast
  • kva for skole/institusjon prøvesvara er frå
  • namn og adresse på medsensor
  • kandidatar som ikkje har møtt
  • kandidatar som har fritak for vurdering i sidemål
  • for norsk i grunnskolen finn sensorane ut kva for målform som er hovudmålet til
    kandidaten

Brukarnamn og passord har sensor fått i e-post i samband med oppnemningsbrevet.

Sending av prøvesvar

Sensor kan få både papirbaserte og IKT-baserte prøvesvar.

1. Papirbasert sensur

Sendingane med prøvesvar frå skolane skal innehalde:

  • eit eksemplar av oppgåvesettet i faget
  • prøvesvar med ev. vedlegg

Prøvesvara blir sende med post til sensor straks etter at eksamen er halden. Sensor får då om lag halvparten av prøvesvara. Sensor byttar med medsensor innan halvgått tid. Prøvesvar skal sendast som registrert post (rekommandert eller ekspress over natta).

2. IKT-basert sensur

Sensorar som skal sensurere prøvesvar frå skolar som er med på ei IKT-basert gjennomføring av eksamen denne våren, finn prøvesvara i PAS. Sensorane får tilgang til elevsvara samstundes.

Fellessensurmøtet

Sensor får informasjon om tid og stad for fellessensurmøtet frå fylkesmannen.

Før sensorpara tek til med samordning av vurderinga, er det ei felles samling der sensorane drøfter oppgåvesettet, korleis det har fungert, retningslinjer for karakterfastsetjinga og andre tilhøve. Oppmannen leier drøftingane.

Når sensuren er ferdig, fører sensorane endeleg karakter i PAS. Dersom det i ettertid blir oppdaga at ein karakter er registrert feil, må fylkesmannen som har ansvaret for sensuren kontaktast.

Usemje om karaktersetjing

Karakterar som sensorane ikkje blir samde om, eller er i tvil om, blir fastsette av oppmannen. Spesielle tilhøve rundt kandidatsvaret tek sensorane opp med oppmannen. Når oppmannen har teke avgjerda, registrerer sensorparet den endelege karakteren i PAS.

Telefonsensur for fag/grupper med få prøvesvar

For fag/grupper med få prøvesvar møter ikkje sensorane på fellessensurmøtet. Karakterane blir fastsette i telefonmøte mellom 1. sensor og 2. sensor. Dei endelege karakterane blir førte for endeleg karakter i PAS.

Dersom sensorane ikkje blir samde, skal dei ta kontakt med fylkesmannen som har oppnemnt dei. Prøvesvara skal returnerast til skolen eller eksamensinstitusjonen der kandidaten har teke eksamen.

Endring 30.11.09
Forskriftene er endret.

Vedlegg