• Skriv ut

PAS - Brukarrettleiing for sensor og klagenemndsmedlem

Hovedinnhold

  • Artikkel
  • Publisert: 10.10.2011

1 Generelt

1.1 Om PAS

1.2 Brukarrettar i PAS

1.3 Pålogging og aktivering av brukarrolle

1.3.1 Gløymt brukarnamn og/eller passord - endre påloggingsinformasjon

2 Sensur

2.1 Meny

2.2 R10 Sensuroversikt (allokeringslista til sensor)

2.3 Registrere karakterar

2.3.1 Skjema “Tilbakemelding fra sensorer i Kunnskapsløftet”

2.4 Førehandssensur

2.5 Sensorhonorar (gjeld sensur og klagebehandling) 

3 Klagebehandling

3.1 Slik finn du klagane i PAS (klagebehandlinga)

3.1.1 Statusrapporten viser ferdige og ubehandla klagar

3.2 Karakterføring ved klagebehandling

3.3 Rapport etter klagebehandlinga (protokollark)

 

1 Generelt

1.1 Om PAS

PAS er eit internettbasert program som skal nyttast til å planleggje, administrere og gjennomføre  sentralt gitte prøver i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.  PAS brukast også ved sensur og klagebehandling.

PAS er bygd opp dynamisk slik at menyar og funksjonar vil avhenge av den valde brukarrolla og av typen prøve.  Systema er under stadig vidareutvikling, det kan derfor periodevis vere avvik mellom dokumentasjonen og skjermbileta.

1.2 Brukarrettar i PAS

Tilgangene styres etter brukerrolle og prøvetype. Følgende brukerroller er aktuelle ved sensur og klagebehandling:

 

  • Sensor
  • Klagenemndsmedlem

 

Følgjande prøvetypar er i bruk ved sensur og klagebehandling:

EG Eksamen grunnskole

EV Eksamen vidaregåande skole

VO Eksamen vaksne grunnskole

1.3 Pålogging og aktivering av brukarrolle

Alle som tildelast ei brukarrolle i PAS og som ikkje har vært inne i systemet det siste halve året, får tilsendt ein e-post frå PAS med brukarnamn,  passord og lenkje til pålogging.

Gå inn på adressa:   https://pas.udir.no

 

  • Logg deg inn med brukarnamn og passord som du har fått tildelt på e-post. Dersom det er første gongen du logger deg på PAS, må brukarrolla aktiverast ved at du må gå gjennom ei påloggingsrutine og skrive inn nytt brukarnamn, passord og velje et kontrollspørsmål med svar. Følj instruksen i biletet.
  • FEIDE-brukarar kan også klikke på ikonet «FEIDE» og logge seg på PAS med brukarnamnet og passordet som er tildelt frå FEIDE. For at FEIDE-pålogging skal fungere, må korrekt fødselsnummer og brukarrolle også vere registrert på brukaren i FEIDE.



  • Brukarnamnet må vere minst 4 teikn med berre bokstavar og/eller tal.
  • Passordet må vere minst 9 teikn, minst ein stor bokstav, minst ein liten bokstav og minst eitt tal.  Passordet skal ikkje innehalde æ, ø, å eller apostrofer etc.

Når påloggingsinformasjonen er lagra, må du godta personvernerklæringa ved å velje “Ja, eg samtykker”.

1.3.1 Gløymt brukarnamn og/eller passord - endre påloggingsinformasjon

Dersom du har gløymt brukarnamn og/eller passord eller du berre ønskjer å endre påloggingsinformasjonen din, trykkjer du på den blå lenka “Glemt passord” i påloggingsbiletet. Du får då ein e-post med ditt brukarnamn og eit nytt passord til den e-postadressa du er registrert med i PAS. Du må då logge deg på PAS og gå gjennom den same påloggingsrutinen som for nye brukarar.

  • Brukarnamnet må vere minst 4 teikn med berre bokstaver og/eller tall.
  • Passordet må vere minst 9 teikn, minst ein stor bokstav, minst ein liten bokstav og minst eitt tal. Passordet skal ikkje innehalde æ, ø, å eller apostrofer etc.

 

2 Sensur

2.1 Meny

Etter pålogginga vil du i sensorrolla møte følgjande meny:

  • Øvst under det blå feltet vel du riktig Prøvetype, Prøveperiode, Rolle og Målform. Dersom ein sensor også har vore klagenemndsmedlem, vil også denne rolla vere synleg.
  • Val av funksjon skjer frå hovudmenyen til venstre i biletet (hovudmenyen er synleg frå alle skjermbileta).
  • Ved å velje ”Startside” kjem du alltid attende til menysida.
  • For å logge ut av systemet trykkjer du på ”Logg ut” øvst i høgre hjørne.
  • Under ”Brukere og tilgang” kan du velje biletet ”Brukerprofil” for å sjå og eventuelt endre på ein del brukaropplysningar.  Det er viktig at opplysningane som ligg her, er korrekte, særleg gjeld dette kontaktopplysningane som mellom anna blir nytta for utsending av informasjon, eksamenssvar og honorar.

2.2 R10 Sensuroversikt (allokeringslista til sensor)

Valet R10 Sensuroversikt i hovudmenyen til venstre viser kva prøvekodar og kandidatgrupper du skal sensurere. Øvste del av biletet viser kva kandidatgrupper du er 1. sensor for og informasjon om din medsensor, nedste del av biletet viser kandidatgrupper du er 2. sensor for og informasjon om medsensor for desse kandidatane.

2.3 Registrere karakterar

Dette er det viktigaste arbeidsbiletet for sensor. Her er oversikt over kandidatar, her kan eksamensoppgåva og digitale eksamenssvar lastast ned, og her skal karakterforslag og seinare endelege karakterar registrerast.

  • Vel først prøvekode, skole og prøvegruppe frå nedtrekksboksane og trykk “Søk”.

  • Ved å klikke på pluss-teikna føre ”Medsensor informasjon og lenker til oppgaver” og ”Gruppenavn” vil biletet sjå nokolunde slik ut:

  • Øvst vises namn og adresseinformasjon for medsensor. Vidare er det lenkjer for å laste ned oppgåvemateriellet.
  • Nedst i biletet vises følgjande informasjon for kvar kandidat:

    • Kandidatnummer

    • Elektronisk besvarelse. Her blir det vist ei eller fleire lenkjer dersom det er levert elektronisk eksamenssvar. Ved å klikke på desse lenkjene hentar ein eksamenssvaret. Det vil oftast vere i PDF-format.

    • Plagiatkontroll.  For dei prøvene der det er mogleg å tinge plagiatkontroll, vil det her stå ein av følgjande statustekstar:

      • Bestill:  Plagiatkontroll kan ein tinge ved å klikke på lenkja. Dersom til dømes 2. sensor tingar plagiatkontroll, vil den også vere tilgjengeleg for 1. sensor.  Dersom eksamenssvaret består av fleire dokument, vil det vere ein knapp for å tinge plagiatkontroll for kvart dokument. Eksamenssvar som er levert som ei pakka fil (endingane:  .tar, .7z, .z, .gz, .rar, .tar, .zip), kan ikkje sendast til plagiatkontroll.  Program for å løyse opp desse filene finn ein på Internett som gratisprogram.
      • Til vurdering:  Dette indikerer at eksamenssvaret er sendt til analyse. Det kan ta opptil 1 døgn før eksamenssvaret er analysert og resultatet ligg føre.
      • Se resultat (n %): Her er det kome rapport tilbake. Ved å klikke på lenkja vil rapporten visast.  Det er viktig å vere klar over at rapporten berre gir ein indikasjon på mogleg plagiat, og at dette ikkje kan avgjerast ved desse rapportane aleine.
      • Ingen sannsynlige plagiat funnet: Når programmet ikkje finn indikasjon på plagiat, vil det heller ikkje kome nokon rapport.  Også dette må berre tolkast som ein indikasjon og ikkje som eit endeleg bevis for at det ikkje ligg føre plagiat.

      • Feil ved rapporten: Denne statusen viser når programmet av ulike tekniske grunnar ikkje kan analysere eksamenssvaret og levere ein rapport tilbake.  Dette kan skje ved tekniske feil eller fordi fila er på eit format som ikkje kan tolkast av plagiatkontrollprogrammet (for eksempel ei zippa fil).

 

  • Karakterforslag/Endelig karakter: 

    • Sensor får tilgang til ein av nedtrekksboksane, avhengig av om han/ho er 1. sensor eller 2. sensor for gruppa. 
    • Karakterforslag set ein ved å velje karakter.  Dersom det manglar eksamenssvar frå ein kandidat, vel ein ”MB” (Mangler besvarelse).   Karakterforslaga blir lagra automatisk.
    • Når det er sett karakterforslag (eller ev. ”MB”) på alle kandidatane i gruppa, skal sensor stadfeste og låse forslaga for gruppa ved å klikke på knappen ”Bekreft og godkjenn karakterforslag”.  Talet på karakterforslag er grunnlaget for å berekne sensurhonorar.
    • Først etter at den regionsansvarlege for sensuren har opna for fellessensur, vil sensor få høve til å sjå medsensor sine karakterforslag ved at det blir tilgjengeleg ein kolonne for å registrere endelege karakterar. Når alle karakterane er sette, skal dei stadfestast ved å trykkje på ”Bekreft og godkjenn karakter”.
    • Dersom du har stadfesta og godkjent karakterar for ei gruppe, og oppdagar feil, må du kontakte den sensuransvarlege fylkesmannen for å få retta dette.

    • Telefonsensur
      • Telefonsensur gjeld få sensorar og er alltid avtalt på førehand. Dersom du skal ha telefonsensur, må du kontakte den sensuransvarlege fylkesmannen for å avtale dato for å setje endeleg karakter (fellessensur).

 

  • Hovedmål:  Her ser ein om eleven er registrert med bokmål eller nynorsk som hovudmål.

 

2.3.1       Skjema “Tilbakemelding fra sensorer i Kunnskapsløftet”

Sensor skal fylle ut skjemaet ”Tilbakemeldingsskjema for sensorer i Kunnskapsløftet”.  Skjemaet er til bruk for fagansvarlig i Utdanningsdirektoratet.

 

Skjemaet finn du i biletet ”Registrere resultater”. Det blir aktivt ved at du vel prøvekode.

 

 

Du skal svare på alle spørsmåla i skjemaet. Trykk deretter på ”Lagre undersøkelse” for å levere.
Skjemaet kan sjå slik ut:

 

2.4 Førehandssensur

Skjema for førehandssensur gjeld dei sensorar og dei prøvekodar der dette skal gjerast. Skjema finn du i PAS ved å nytte lenkja som ligg i venstremenyen.

 

2.5 Sensorhonorar (gjeld sensur og klagebehandling)

Utbetalingsgrunnlag for honorar blir generert automatisk frå PAS på grunnlag av talet på sensurerte eksamenssvar der du som sensor eller klagebehandlar har sett karakterforslag, og der endeleg karakter er stadfesta og godkjend på kandidaten. (Merk at alle karakterar må vere sette, stadfesta og godkjende før du genererer rekninga. Dersom eksamenssvar manglar, set ein karakteren MB (manglar svar)). Sensor skal sjølv gjere ferdig rekninga si.



  • Dersom du har hatt fleire roller i PAS, vil du sjå ei rekning frå sensur og for klage. Her er det viktig å velje riktig rekning då honorarsatsane for dei to rekningane er ulike.

 

  • Ved å trykkje på lenkja “Vis” får du sjå førehandsvising av rekninga. Eventuelle manglande opplysningar må føyast til eller korrigerast av sensor. For dei som har fungert som sensor tidlegare, er det viktig å kontrollere bankkontonummer og skattekommune. Vidare må sensor ajourføre opplysningar om skattetabell, skatteprosent og om skattekortet blir vist fram ved innlevering av honorarrekninga.   Når endringane er gjorde og lagra, kan du førehandsvise honorarrekninga di. Førehandsvisinga inneheld eit vassmerke og er ikkje gyldig som rekning.

 

  • Vi gjer merksam på at honorar etter klagebehandlinga blir rekna ut frå talet på klagar der den enkelte er registrert som klagebehandlar. For grunnskolen får den som skriv inn endeleg karakter og grunngjeving, 20 minutt ekstra, jf. forskrifta.  Det er viktig at det er den som er logga inn i PAS som skriv inn karakter og grunngjeving, då det er han/ho som får utbetalt desse 20 minutta, altså den som står fyrst på lista over klagebehandlarar på den aktuelle klagen. Sjå informasjon under klagebehandling.

 

  • Ved å trykkje på “Vis” kjem førehandsvising av rekninga opp. Samstundes vil det komme opp ein dialogboks med ymse meldingar om kva som eventuelt manglar av opplysningar. Etter å ha notert deg kva som manglar, kan du trykkje på “OK” og gå vidare.



Sensorhonorar vil alltid bli utbetalt og meld inn som lønnsinntekt. Eventuelle krav om å få inntekta rekna som næringsinntekt for sjølvstendig næringsdrivande må ein ta opp med skatteetaten.

 

  • Dersom du ikkje er heilt ferdig med utfyllinga, kan du velje å halde fram seinare. Meiner du at du er ferdig, trykkjer du på ”Ja, skriv ut og lås regningen”. Endelig honorarrekning blir no lagra i PAS og kan ikkje endrast. Skulle du oppdage at det er feilføringar eller liknande, må den sensuransvarlege fylkesmannen eventuelt gjere desse endringane. Kvar honorarrekning vil fortløpande få eit eige serienummer. Dersom den sensuransvarlege skriv ut ei rekning i etterkant, vil ho få eit nytt serienummer, og gammal honorarrekning må makulerast.

  • Det krevst ikkje underskrift frå sensor på honorarrekninga når ho er fylt ut elektronisk i PAS sidan brukarrolla i PAS er personleg og det krevst unike brukarnamn og passord ved pålogging.

  • Sensurregionsansvarleg fylkesmann avgjer om du sjølv skal skrive ut rekninga og levere ho til den sensurregionsansvarlege, eller om utskrift blir gjort av fylkesmannen. 

 

  • Eventuelle tillegg (til dømes porto) som krev bilag, skal førast på reiserekning, dvs. utanom PAS.

 

3 Klagebehandling

Ver merksam på at Ved klagebehandling skjer ikkje karaktersetjinga i PAS på same måten som karaktersetjinga ved primærsensur.

Klagenemndsmedlemmene er oppnemnde til å behandle klagar i spesifikke prøvekodar. Men sidan nokre nemndsmedlemmer også kan bli spurde om å behandle klagar i andre prøvekodar enn den/dei prøvekoden/-ane dei vart oppnemnde i, er PAS tilrettelagd slik at alle klagebehandlarane har tilgang til alle klagane i alle prøvekodane.

Har du vore oppnemnd som sensor tidlegare, finn du under menyen Rolle både valet sensor og klagenemndsmedlem, vel rolla klagenemndsmedlem. Vel riktig prøvetype og prøveperiode.

 

3.1 Slik finn du klagane i PAS (klagebehandlinga)

Alle klagane er registrerte i PAS, både for dei papirbaserte og for dei IKT-baserte eksamenssvara. For å kunne begynne klagebehandlinga vel du menypunktet ”Registrere klagekarakter”. Her kan du anten velje den aktuelle prøvekoden og ”Søk”, eller du kan velje ”Se alle” som viser alle prøvekodane der fylkesmannen er ansvarleg for klagebehandlinga.

Biletet viser talet på klagar totalt i prøvekoden, talet på ferdigbehandla klagar, talet på ikkje ferdigbehandla klagar og i tillegg valet ”Statusrapport”.




3.1.1       Statusrapporten viser ferdige og ubehandla klagar

Ved å trykkje på valet ”Statusrapport” får du opp ein todelt rapport for den valde prøvekoden. Den første delen viser oversikt over ferdigbehandla klagar. Denne delen vil når klagebehandlinga i prøvekoden er ferdig, fungere som protokollark og vise kva for klagar som er behandla av dei ymse nemndene. Den andre delen av rapporten viser ikkje behandla klagar i prøvekoden. Her vil du til ei kvar tid sjå klagar som ikkje er behandla.

 

3.2      Karakterføring ved klagebehandling

Ver merksam på at du berre skal skrive inn endeleg karakter og grunngjeving i PAS. Førehandskarakter og forslag til grunngjeving skal framleis gjerast på papir. Når du skal starte endeleg karakterføring, trykkjer du på den aktuelle prøvekoden i oversiktsbiletet. Du får då opp detaljbiletet for klagebehandlinga som vist i figuren.



I dette biletet skriv du først inn kandidatnummeret for den klagen du skal behandle, og vel ”Søk”. Deretter vel du nemndsmedlemmene som har behandla klagen. Pålogga brukar vil kome opp som klagebehandlar 1, altså den som skal skrive grunngjeving og endeleg karakter.

(Klagar på grunnskoleeksamen skal behandlast av 3 klagenemndsmedlemmer, mens klagar i vidaregåande opplæring vanlegvis berre skal behandlast av 2 klagenemndsmedlemmer.)

 

Den valde kandidaten er no henta fram i biletet slik at klagenemnda kan registrere endeleg karakter og skrive inn grunngjevinga frå nemnda. Deretter skal den registrerte karakteren ”Bekreftes og godkjennes”.  Når dette er gjort, blir karakteren og grunngjevinga tilgjengeleg for skoleadministrator.

(Forslag til grunngjeving og karakter skal ikkje førast i PAS.)

 

Ved å velje “Skriv ut” til høgre i biletet blir det generert ein rapport som viser resultatet av klagebehandlinga med karakter og grunngjeving for den aktuelle kandidaten.




3.3      Rapport etter klagebehandlinga (protokollark)

Når klagebehandlinga er ferdig, fungerer første delen av rapporten ”Oppfølging klagebehandling” som protokollark (jf avsnittet om ”Statusrapporten”). Denne rapporten viser resultatet av klagebehandlinga for dei ymse klagenemndene.