Yrkesfag - rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen

Hovedinnhold

Denne rettleiinga gir informasjon til elevar, lærlingar, praksiskandidatar (heretter kalla kandidatar) og sensorar.

  • Veiledning
  • Publisert: 14.04.2011
  • Sist endret: 05.03.2014
  • organisering av eksamen
  • eksamensoppgåva og svaret
  • hjelpemiddel og kjelder
  • grunnlaget for vurdering av svar og karakterbeskrivingar
  • klage på vurdering
  • forskrift til opplæringslova
  • tidlegare eksamensoppgåver

Rettleiinga bør vere kjend for kandidatane i god tid før eksamen.

1. Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag

Sentralt gitt skriftleg eksamen varer i 5 timar. 

For signalmontørfaget varer sentralt gitt skriftleg eksamen i 6 timar. 

I nokre fag har kandidatane førebuingsdag. Dette gjeld desse faga: 

AMM3002 Anleggsmaskinmekanikarfaget
AUT4002 Automatiseringsfaget
BMF3002 Børsemakarfaget
ELE3002 Elektrikarfaget
EMO3002 Energimontørfaget
EOP3002 Energioperatørfaget
HEI3002 Heismontørfaget
SIG3002 Signalmontørfaget
TEL3002 Telekommunikasjonsmontørfaget

Dei kandidatane som har førebuingsdag, får tilgang til førebuingsdelen 24 timar før eksamen startar. I førebuingstida er alle hjelpemiddel tillatne, inkludert bruk av Internett. Kandidatane kan samarbeide med andre og finne informasjon.

2. Eksamen

Til eksamen skal kandidaten få vist sin kompetanse i lærefaget. Kandidaten har ansvar for å setje seg inn i læreplanen for faget. 

I nokre fag er det krav om to skriftlege eksamenar. Den eine skal utarbeidast etter læreplanen for Vg2, og den andre skal utarbeidast etter læreplanen for Vg3. Dette gjeld anleggsmaskinmekanikarfaget, automatiseringsfaget, børsemakarfaget, elektrikarfaget, energimontørfaget, energioperatørfaget, heismontørfaget, signalmontørfaget, telekommunikasjonsmontørfaget og dataelektronikarfaget. 

Det er Utdanningsdirektoratet som utarbeider sentralt gitte eksamensoppgåver.

3. Eksamensoppgåva og svaret

Eksamensoppgåva 

Eksamensoppgåva skal utarbeidast med utgangspunkt i læreplanen for Vg3 i lærefaget. 

Det er kompetansemåla i læreplanen som beskriv kva for kompetanse det er forventa at kandidaten viser i oppgåvesvaret. 

Nokre oppgåver vil vere svært opne og overlate til kandidaten å gjere mange val, mens andre kan ha fleire konkrete "bestillingar" i form av deloppgåver, spørsmål eller krav om at kandidaten må ha med bestemte moment. 

Svaret

Når kandidaten vel å bruke erfaringar frå eigen praksis, er det viktig at ho/han beskriv klart kva for val som blir tekne, og dei føresetnadene det blir arbeidd ut ifrå. Kandidaten må halde seg til det oppgåva spør etter og bruke fagkompetansen sin. 

4. Hjelpemiddel og kjelder til sentralt gitt skriftleg eksamen

Hjelpemiddel 

Alle hjelpemiddel er tillatne under eksamen, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon.2

Sjølv om alle hjelpemiddel er tillatne til eksamen, er det nokre hjelpemiddel som er meir relevante for kandidatane å ta med seg enn andre. Dette kan variere frå kandidat til kandidat, og er avhengig av kva dei er vande til å bruke. Det 

er kandidatane sjølve som finn fram til kva for hjelpemiddel dei meiner kan vere nyttige.  

Bruk av kjelder 

Viss kandidaten bruker kjelder i svaret, skal dei førast opp på ein slik måte at lesaren kan finne fram til dei. Kandidaten skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på lærebøker, artiklar eller annan litteratur. Viss kandidaten vel å bruke utskrift eller sitat frå nettsider, skal han/ho føre opp nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato. Eksamensoppgåvene har ikkje alltid krav om bruk av kjelder (tekst som er henta frå bøker, Internett etc.), og kandidaten kan vise svært høg måloppnåing til eksamen utan å bruke kjelder i svaret. I svaret skal kandidaten vise sin eigen kompetanse, med eller utan bruk av kjelder.

5. Vurdering av eksamenssvar og karakterbeskrivingar

Fylkeskommunane har ansvar for å sensurere svara. Spørsmål om gjennomføring og sensur av eksamen skal rettast til den enkelte fylkeskommunen.  

Grunnlag  for vurdering 

Sensorane skal vurdere i kva grad kandidaten viser kompetanse slik han er beskriven i kompetansemåla i læreplanen. Sensorane har derfor ikkje høve til å stille krav som går ut over innhaldet i læreplanen. Sensorane skal vurdere korleis innhaldet i svara er frå eksamensoppgåva. 

Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til kandidaten slik han kjem fram på eksamen.3 Arbeidet frå førebuingsdelen skal derfor ikkje vurderast.

Karakterbeskrivingar 

Forskrift til opplæringslova § 3-4 har generelle karakterbeskrivingar for grunnopplæringa: 

a)

Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget.

b)

Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget.

c)

Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget.

d)

Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget.

e)

Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget.

f)

Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

Eksamen er ikkje bestått når svara blir vurderte til karakteren 1. 

Kandidatar som har fått svaret vurdert til karakteren 1, har sjølv ansvar for å melde seg på til ny prøve på www.privatistweb.no innan fristen som står på denne nettadressa.

6. Klage på vurdering

Kandidatene kan klage på vurdering av sentralt gitt skriftleg eksamen. Kap. 5 i forskrift til opplæringslova omhandlar retten til å klage.

7. Lenkje til forskrift til opplæringslova

Forskrift til opplæringslova finn du på www.lovdata.no: 

http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20060623-0724.html

8. Tidlegare eksamensoppgåver

Tidlegare eksamensoppgåver finn du på nettsidene til Utdanningsdirektoratet: 

http://www.udir.no/Vurdering/Eksamen-videregaende/ 

Vel eksamensoppgåver, eksamensrettleiingar og eksempeloppgåver. Vel så eksamensoppgåver for programfag yrkesfag.


 

1) Forskrift til opplæringslova §§ 3-52, 3-53, 3-54 og 3-55.

2) Her er det unntak for flyfaga som har todelt eksamen. Første del av eksamen er på fire timar utan hjelpemiddel. Andre del av eksamen er på ein time med alle hjelpemiddel tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon.

3) Jf. forskrift til opplæringslova § 3-25.


 



 

Vedlegg