Klage på karakter for eksamen i vidaregåande

Hovedinnhold

Her finn du informasjon om klagefrist og om kor og korleis klagane blir behandla. Informasjonen gjeld sentralt gitt skriftleg eksamen med sentral sensur i vidaregåande skole våren 2016.

  • Artikkel
  • Publisert: 20.05.2015
  • Sist endret: 04.04.2016

OBS! Klagar i fag med lokal sensur skal sendast til eigen fylkeskommune. Dette gjeld også i fag med lokal sensur der eksamensoppgåva er sentralt gitt.

For elevar/privatistar

Klagebehandling

Klagebehandling er ikkje det same som ny sensur. Du finn reglar om retten til å klage på karakter i forskrift til opplæringslova kapittel 5.

Når du klagar på karakter til skriftleg eksamen, skal det vurderast om den gitte karakteren er rimeleg eller urimeleg. Ei klagenemnd, oppnemnd av Fylkesmannen, gjer denne vurderinga.

Klagenemnda skal få vite karakteren som kandidaten fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal også ha eksamenssvaret og eventuelle opplysningar som ligg ved. Nemnda skal ikkje få vite eventuelle grunngivingar for klagen. Dersom nemnda kjem til at den opphavlege karakteren er urimeleg, skal det setjast ny karakter.

Karakteren kan setjast opp eller ned.

Slik klagar du

Skal du som elev/privatist klage på karakter gitt ved skriftleg eksamen, må du gjere det skriftleg. Du treng ikkje å grunngi klagen. Du må underteikne klagen din. Elevar sender klagen til eigen skole. Privatistar sender klagen til eksamenskontor/privatistkontor i fylket, eventuelt til den skolen der eksamen blei halden.

Du bør rådføre deg med ein faglærar før du klagar på eksamenskarakteren.

Klagefrist

Klagefristen er 10 dagar og gjeld frå det tidspunktet eleven/privatisten er blitt kjend med karakteren eller burde vere kjend med han.

Dersom klagefristen ikkje blir halden, mistar du retten til å klage.

OBS! Kandidatar som ønskjer rask behandling av klagar, såkalla hurtigklagesensur, må rekne med å få ein forkorta klagefrist. Vi ber skolane informere kandidatane spesielt om dette. Vi minner om at dette berre gjeld for klagar ved våreksamen.

For skolen

Fristar for skolen

I samband med overgangen til nytt system for administrasjon av eksamen, er tidsrammene for klagebehandlinga for eksamen våren 2016 innskjerpa.

Ordinære klagar

Når skolen får ein klage på skriftleg eksamen, skal skolen registrere klagen og sende eksamenssvaret til Fylkesmannen som har ansvar for klagebehandlinga.

Alle ordinære klagar må vere hos den Fylkesmannen som er ansvarleg for klagebehandlinga, innan fredag 8. juli 2016.

Det er viktig at fristen blir halden, slik at rettane til kandidatane blir sikra.

Alle klagar må vere ferdigbehandla innan fredag 9. september 2016.

Dersom klagen blir send etter fristen, må skolen eller privatistkontoret grunngi årsaka skriftleg til den Fylkesmannen som har ansvar for klagen i faget.

Ein må rekne med at klagar som kjem til fylkesmannskontoret etter 8. juli vil bli behandla i samband med klagebehandlinga etter hausteksamen 2016.

Hurtigklagar

Kandidatar som ønskjer rask behandling av klagar i dei faga der det er mogleg, må rekne med å få ein forkorta klagefrist. Vi ber skolane spesielt informere kandidatane om dette. For at klagane i desse faga skal kunne behandlast i samband med hurtigklagebehandlinga, må dei vere hos Fylkesmannen som er ansvarleg for klagebehandlinga, senast kl. 1200 tysdag 28. juni 2016.

Hurtigklagebehandlinga skal gjennomførast i veke 26 for alle fag.

Klagar i følgjande fag frå studieførebuande utdanningsprogram og fellesfag våren 2016 kan behandlast som hurtigklage:

norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biologi, teknologi og forskningslære, kommunikasjon og kultur, medie- og informasjonskunnskap, treningslære (IDR2005 i Kunnskapsløftet), engelsk, tysk, fransk, spansk, rettslære, samfunnsøkonomi, marknadsføring og leiing, entreprenøskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, informasjonsteknologi, økonomistyring, økonomi og leiing, historie og filosofi, reiseliv og språk, psykologi.

 Hurtigklage føreset at Fylkesmannen har kvalifiserte sensorar til klagebehandlinga i faget. Kva for fag som har tilbod om hurtigklage, kan endre seg frå år til år.

Registrering og sending av klage

  • Skolen registrerer alle klagane i Utdanningsdirektoratets teneste for eksamensadministrasjon.
  • IKT­baserte svar blir tilgjengelege for klagenemndene som ved primærsensuren.
  • Når skolane sender inn papirsvar, skal originalsvaret sendast saman med ein følgjeseddel som blir skriven ut frå eksamenstenesta under "Kandidatstatus, karakter og klage". Skolen blir oppmoda om å ha ein kopi av svaret.
  • Dokumenta må sendast som registrert post med sporing (t.d. «Ekspress over natta») til mottakaren. Merk konvolutten med: Klagebehandling

Spesielt for norsk og matematikk

Skolane må sikre at elevane/privatistane er førte opp med rett målform (hovudmålet til eleven/privatisten) i teneste for eksamensadministrasjon  før klagane blir sende inn.

Vi oppmodar til skanning av del 1 på todelt eksamen i matematikk.

Oversikt over kven som har ansvar for klagebehandlinga

Oversikta finn ein i eksamenstenesta under menypunktet Klageansvar.

Resultatet av klagebehandlinga

Papirsvar skal sendast tilbake til skolane etter at klagebehandlinga er avslutta. Skolen finn klagenemnda si grunngiving og endeleg karakter i teneste for eksamensadministrasjon. Karakteren og fråsegna kan skrivast ut.

Skolen må syte for at klagaren får melding om resultatet av klagebehandlinga.

Dersom den opphavlege karakteren blir endra, sender skolen resultatet av klagebehandlinga til det aktuelle inntakskontoret.

Nytt vitnemål etter klagebehandling

I forskrift til opplæringslova § 5­3 Avgjerd i klagesaka heiter det mellom anna «Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet eller kompetansebeviset, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.» Endring etter klagebehandling gir rett til nytt førstegongsvitnemål.

Forskrifta § 3­43, andre ledd:

"Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage."

Spørsmål?

Spørsmål til denne informasjonen skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til Fylkesmannen.