• Skriv ut

Påmelding til eksamen i vidaregåande opplæring

Hovedinnhold

Her finn du informasjon om påmelding av kandidatar til sentralt gitt eksamen. I tillegg finn du informasjon om utsending av eksamensoppgåver, tilrettelagde oppgåver for blinde og svaksynte og anna som gjeld påmeldinga. Frist for å melde på kandidatar i PAS er 1. mars om våren og 1. oktober om hausten.

  • Artikkel
  • Publisert: 09.09.2010
  • Sist endret: 07.06.2011

Skolar og privatistkontor skal melde kandidatar til eksamen i PAS: https://pas.udir.no

Merk at påmelding i PAS føreset at trekkinga av kandidatar må vere i orden før påmeldinga skjer i PAS.

Brukarrettleiingar til PAS er publiserte på https://pas.udir.no.

Frist for å melde på kandidatar i PAS er  1. mars om våren og 1. oktober om hausten.

Påmeldingar etter utløpet av fristen

Etterpåmeldingar skal som hovudregel ikkje godtakast. Det blir ikkje teke omsyn til etterpåmeldingar når det gjeld trykking av eksamensoppgåver. Dersom skolane etterpåmelder kandidatar, må skolen sjølv syte for å laste ned oppgåvene frå PAS. Det er ikkje høve til å bestille oppgåver etter at fristen er gått ut. All etterpåmelding skal skje tenesteveg via fylkesmannen.

Privatistar

Privatistar skal ha same eksamen på same dag som elevane som tek eksamen etter Kunnskapsløftet. I fag med førebuing vil førebuingsmateriellet liggje på www.udir.no.

Framandspråk nivå I+II

Privatistar kan meldast opp til eksamen i fellesfag framandspråk nivå I+II (365 timarsfag) berre når privatisten kan dokumentere tidlegare standpunktkarakter i faget.

Tilrettelagde oppgåver for blinde og svaksynte 

Skolar med kandidatar som treng eksamensoppgåver tilrettelagde for blinde og svaksynte, kan velje mellom følgjande versjonar:

  • Punktskrift på papir for blinde elevar (med unntak av matematikk).
  • Elektronisk versjon tilrettelagd for leselist for blinde elevar.
  • Elektronisk versjon tilrettelagd for svaksynte elevar.

Skjema for bestilling av oppgåver for blinde og svaksynte.

Frist for bestilling er 1. mars om våren og 1. oktober om hausten.

Overføring av eksaminandar

Overføring av eksaminandar til andre skolar må berre gjerast i spesielle tilfelle og skal ordnast direkte mellom skolane.

Eksamen i utlandet

I heilt spesielle tilfelle er det mogleg å ta eksamen i utlandet. Nærmare opplysningar om dette finst i brev 2006/4258 - Eksamen i utlandet. Uavhengig av tidssone må eksamen i utlandet arrangerast i same tidsrom som i Noreg. Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Vest-Agder. I søknaden må ein spesifisere når, kvar og i kva fag ein ønskjer å gå opp. Søknaden må grunngivast. Ei skriftleg stadfesting frå den utanlandske eksamensstaden må liggje ved søknaden.

Utsending av eksamensoppgåver

Alle skolar, uavhengig av om dei gjennomfører eksamen IKT-basert eller på papir, vil få tilsend papirutgåver i alle eksamenskodane dei har påmelde kandidatar i. Skolen vil få ekstra oppgåvesett rekna ut på bakgrunn av talet på påmelde kandidatar.

Spørsmål

Spørsmål skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til fylkesmannen. 

Vedlegg