Kulturdepartementet har vedteke ei ny rettskriving for nynorsk. Den nye rettskrivinga tok til å gjelde frå 1. august 2012.
- Artikkel
-
Publisert: 20.06.2012
På sprakradet.no vil ein finne informasjon om rettskrivinga og om tiltak som Språkrådet set i verk for å gjere endringane kjende.
Les meir om ny rettskriving i nynorsk i 2012.
I samråd med Språkrådet har Utdanningsdirektoratet fastsett ei overgangsordning for eksamenane i grunnopplæringa i 2013 og 2014. Til desse eksamenane skal bruken av former frå den gamle rettskrivinga (den som gjeld fram til 1. august 2012) ikkje reknast som feil.