Dette er ei sjekkliste for kva skoler må hugse å bestille når dei melder på elevar til eksamen i grunnskolen. Frist er 1. mars.
- Artikkel
-
Publisert: 09.08.2011
Bestilling av materiell til kandidatar med behov for særskild tilrettelegging skal gjerast i PAS
Førebuingsmateriell:
- Elektronisk tilrettelagd versjon for lesing på leselist for blinde elevar
- Elektronisk tilrettelagd versjon for svaksynte elevar
- Punktskrift på papir
Eksamensoppgåver:
- Eksamensoppgåvene innlesne på CD
- Elektronisk tilrettelagd versjon for lesing på leselist for blinde elevar
- Elektronisk tilrettelagd versjon for svaksynte elevar
- Eksamensoppgåvene i punktskrift på papir
Spesielt for faget matematikk
- Eksamensoppgåvene innlesne på CD
- Eksamensoppgåver med alternative oppgåver for konstruksjon for elevar som er fritekne for konstruksjon
- Elektronisk tilrettelagd versjon for lesing på leselist for blinde elevar
- Elektronisk tilrettelagd versjon for svaksynte elevar
- DVD-tilpassa matematikkeksamen for døve
Matematikk omsett til samisk
Matematikkoppgåver omsett til samisk kan ein bestille i PAS under valet: Bestilling av materiell til kandidatar med behov for særskild tilrettelegging som valbart materiell.
Sensorkonvoluttar
Skolar som ønskjer sensorkonvoluttar, kan bestille dei på e-post frå Lundeby bokbinderi: prover@lundeby.no.