Skolar skal melde på kandidatar til eksamen innan 1. mars.
- Artikkel
-
Publisert: 09.06.2011
Påmeldinga gjerast i PAS innan 1. mars. Sjå brukarrettleiing for PAS.
Utdanningsdirektoratet presiserer at påmelding i PAS føreset at trekkinga av elevar er gjord på førehand.
IKT-basert eksamen
IKT-basert eksamen kan gjennomførast i alle fag med unnatak av matematikk. Det er ikkje eigne kodar for IKT-basert eksamen. Skolane treng difor ikkje avgjere om eksamen skal vere IKT-basert (PGS) eksamen, eller papirbasert eksamen ved påmeldinga.
- Les meir om IKT-basert eksamen
- Brukarrettleiinga for IKT-basert eksamen (PGS)
Alle skolane vil få tilsend eksamensoppgåver i papir til dei kodane dei har påmelde kandidatar.
For kandidatar som er fritekne med karakter frå vurdering i skriftleg sidemål
Kandidatar som er trekte ut i norsk, men som har fritak for vurdering i skriftleg sidemål, jf. forskrifta til opplæringslova § 3-22, skal meldast på i fagkoden NOR1415.
Desse kandidatane skal skrive på hovudmålet sitt begge dagane, og oppgåvesvara skal vurderast av same sensor. Kandidatane får ein samla karakter.
Matematikk omsett til samisk
Matematikkoppgåver omsette til samisk kan tingast i PAS under valet: Bestilling av materiell til kandidatar med behov for særskild tilrettelegging, som valbart materiell.
Kandidatar med behov for særskild tilrettelegging
Bestilling av materiell til kandidatar med behov for særskild tilrettelegging skal gjerast i PAS.
Frist for bestilling av dette materiellet er 1. mars.
Materiell som kan bestillast
Førebuingsmateriell:
- Elektronisk tilrettelagd versjon for lesing på leselist for blinde elevar
- Elektronisk tilrettelagd versjon for svaksynte elevar
- Punktskrift på papir
Eksamensoppgåver:
- Eksamensoppgåvene innlesne på CD
- Elektronisk tilrettelagd versjon for lesing på leselist for blinde elevar
- Elektronisk tilrettelagd versjon for svaksynte elevar
- Eksamensoppgåvene i punktskrift på papir
Spesielt for faget matematikk
- Eksamensoppgåvene innlesne på CD
- Eksamensoppgåver med alternative oppgåver for konstruksjon for elevar som er fritekne for konstruksjon
- Elektronisk tilrettelagd versjon for lesing på leselist for blinde elevar
- Elektronisk tilrettelagd versjon for svaksynte elevar
- DVD-tilpassa matematikkeksamen for døve
Påmeldingar etter fristen 1. mars
Etterpåmelding skal skje tenesteveg om Fylkesmannen. Dersom skolane melder på kandidatar etter fristen, må skolen sjølv syte for å laste ned oppgåvene frå PAS.
Sensorkonvoluttar
Skolar som ønskjer sensorkonvoluttar, kan bestille dei på e-post frå Lundeby bokbinderi: prover@lundeby.no. Frist for bestilling av sensorkonvoluttar er 1. mars.