• Skriv ut

Bli sensor

Hovedinnhold

Til rektor
Sensorerfaring gir viktig kompetanse til skolen din

  • Brosjyre
  • Publisert: 22.01.2009
  • Sist endret: 07.06.2011

Utdanningsdirektoratet har i dei seinare åra sett eit auka behov for sensorar. Vi ber derfor deg som rektor om å oppmode aktuelle lærarar om å melde si interesse for å vere sensor ved eksamen. Det er særleg viktig at yngre lærarar blir merksame på at dette gjer det mogleg å få kompetanseheving i vurdering.

Å vere sensor gir kompetanse i sluttvurdering

Vurdering er eit sentralt tema i Kunnskapsløftet, både undervegsvurdering og sluttvurdering. Mange skolar seier at dei treng etterutdanning og kurs i vurdering. Å vere sensor ved eksamen gir god kompetanse i sluttvurdering. Ein skole med sensorar i fleire fag gjer ei viktig investering både i den enkelte læraren og i skolen som heilskap.

Sensorskolering

Gjennom kurs (sensorskolering) får alle sensorane ein gjennomgang av regelverket for vurdering etter Kunnskapsløftet, og av aktuelle problemstillingar for vurderinga i det faget det gjeld. Den største og viktigaste delen av sensorskoleringa går føre seg som gruppediskusjonar med utgangspunkt i læreplanar, vurderingsrettleiingar, eksamensoppgåver og årets elevsvar. Føremålet er at sensorane saman skal etablere eit tolkingsfellesskap for å vurdere eksamensoppgåvene. Kunnskap og erfaring i å etablere tolkingsfellesskap er ein kompetanse alle skolar treng.

Låge utgifter

Det er verdt å merke seg at utgiftene for skolen er låge samanlikna med andre kompetansehevingstiltak. Sensorskolering og reiser blir betalte av oppdragsgivaren, mens sensorane sjølve får honorar for arbeidet sitt. Di oppgåve som rektor er å gi lærarane permisjon for å delta på sensorskoleringa (1 dag), og eventuelt å leggje til rette for sensurarbeid der det er mogleg. Lærarar med sensorerfaring kan vere viktige bidragsytarar i skolen sitt eige arbeid med vurdering.

Rektor foreslår medarbeidarar

Som rektor foreslår du medarbeidarar som aktuelle fagpersonar i PAS, mens det er fylkesmannen som formelt nemner opp sensorane. Det er òg fylkesmannen som inngår kontraktar med dei lærarane som blir oppnemnde som sensorar. Å vere sensor ved sentralt gitt eksamen er derfor regulert gjennom ein privatrettsleg avtale og inngår ikkje som ein del av det ordinære avtaleverket for lærarane.

Brosjyrar om det å vere sensor

Saman med dette brevet finn du brosjyrar om det å vere sensor. Vår oppmoding er at du deler ut brosjyrane til aktuelle kandidatar. Brosjyren ligg føre på nynorsk og bokmål og er òg publisert her. 

 

 

Vedlegg