Her finn du eksempeloppgåver og tidlegare gitte eksamensoppgåver etter Kunnskapsløftet for grunnskolen.
- Artikkel
-
Publisert: 27.08.2008
-
Sist endret: 28.09.2011
Tidlegare eksamensoppgåver i PAS
Skolar får no tilgang til eksamensoppgåver frå og med våren 2009 i PAS.
Slik gjer du det:
- Logg inn i PAS som skoleadministrator
- Velg eksamen i prøvetypefeltet
- Velg ønska periode i prøveperiodefeltet
- Velg 'eksamensmateriell' i venstre meny
Oppgåvene ligg her i fulltekst. Skolane må bruke eigen avtale med Kopinor for bruk av opphavsrettsleg materiell i oppgåvene.
Fleire eksempeloppgåver og eksamensoppgåver
Eksamensoppgåvene og førebuingsdelane for vaksne kan òg brukast av elevar på grunnskolen. Oppgåvene for grunnskoleelevane kan på same vis brukast av kandidatar i grunnskoleopplæring for vaksne. Oppgåvene er baserte på dei same læreplanane.
Til eksempeloppgåver og tidlegare eksamensoppgåver i grunnskolen og grunnskoleopplæring for vaksne
(passordbeskytta sider, skolane har fått tilsendt brukarnamn og passord.)
Kvifor er oppgåvene passordsikra?
Årsaka til at sidene er passordsikra, er at oppgåvene inneheld materiell som det er knytt opphavsrettar til. Det er ikkje Utdanningsdirektoratet sin intensjon at oppgåvene skal være hemmelege for elevane. Vi ønskjer derimot at elevane bruker eksempeloppgåvene og eksamensoppgåvene med vurderingsrettleiingar, i samarbeid med læraren, til å førebu seg til eksamen.
Vurderingsrettleiing til eksamen
Vurderingsrettleiing - grunnskolen
Vurderingsrettleiing - grunnskoleopplæringa for vaksne
Fasitar
Det finst ikkje fasitar til eksamensoppgåvene. Til nokre oppgåver er det laga sensorrettleiingar og/eller vurderingsskjema, og dei blir publiserte på eksamensdagen kl. 1400.