• Skriv ut

Trekking av kandidatar

Hovedinnhold

I grunnskoleopplæring for vaksne er det ulik praksis for trekking av kandidatar (deltakarar) haust og vår.

  • Artikkel
  • Publisert: 22.08.2011
  • Sist endret: 13.01.2012

På vårens eksamenar

Kommunen har ansvar for å trekkje fag og deltakarar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen, jf. forskrift til opplæringslova § 4-21, 2. leddet.

Deltakarar på same skole kan bli trekte ut til ulike fag. Kommunen har ansvaret for trekkinga og må syte for at trekkinga fordeler seg jamt på fag og skolar. Fylkesmannen har eit overordna ansvar for å sjå til at fordelinga på fag er rimeleg.

På haustens eksamenar

Utdanningsdirektoratet trekker

For hausteksamen er det Utdanningsdirektoratet som trekker eitt av faga norsk, engelsk eller matematikk.

Skoleeigar vil få opplysning om kva for eit fag som er trekkfag i PAS, frå 15. oktober. Skoleeigar skal melde på kandidatar til eksamen i PAS i det aktuelle faget.