- Artikkel
-
Publisert: 22.08.2011
Skolen sitt ansvar før eksamensdagen
- Rektor/skoleadministrator får tilgang til den nettbaserte førebuingsdelen i PAS kl 09:00 dagen før førebuinga startar for kandidatane.
- Rektor må gi lærarane tilgang til førebuingsdelen så snart som mogleg slik at dei kan planleggje gjennomgang av førebuingsdelen for kandidatane.
- Kandidatane skal ha tilgang til førebuingsdelen kl 13:00 dagen før førebuingsdagen.
Førebuingsdagen er vanleg skoledag og kandidatane har rett til rettleiing frå læraren.
Om førebuingsmateriellet og eksamensoppgåvene
Førebuingsdelen til eksamen i dei faga som har førebuingsdel, er nettbasert og tilrettelagd med forstørra skrift og lydfiler.
Eksamensoppgåver med forstørra skrift lastar skolane ned frå PAS. Skolen kan anten forstørre dei på PC eller kopiere dei opp frå A4 til A3-format.
Skolen sitt ansvar på eksamensdagen
Kandidatane får 5 klokketimar til å utarbeide oppgåvesvara.
Levering av oppgåvesvar
Levering av oppgåvesvar i PGS (IKT-basert eksamen):
Sjå brukarrettleiingar.
Levering av oppgåvesvar på papir skal anten vere utskrifter frå PC eller på ark og skal førast med blå eller svart penn. Arka må ha stempelet til skolen og kandidatnummeret. Kandidatnummeret finn ein i PAS.
Sending av oppgåvesvar på papir
Skolane finn oversikt i PAS kvar oppgåvesvara skal sendast. Kvar gruppe skal ha ein eigen konvolutt.
Sendingane med oppgåvesvar frå skolane skal innehalde:
- oppgåvesvara med eventuelle vedlegg
- for matematikk: eit eksemplar av oppgåvesettet
Sendingane skal sendast som registrert post.
Karakterutskrifter
Karakterregistrering skjer i PAS, og resultata frå fellessensuren blir henta frå PAS.