Felles europeisk rammeverk for språk

Hovedinnhold

Rammeverket er ein felles europeisk nivåskala som tek utgangspunkt i dei fem språkferdigheitene lytting, lesing, munnleg produksjon, munnleg samhandling og skriftleg produksjon.

  • Artikkel
  • Publisert: 03.02.2011
  • Sist endret: 07.06.2011

Rammeverket for språk ligg no føre i norsk omsetjing. 

Rammeverket er ein nyttig reiskap for alle som vil lære seg språk, eller som arbeider med språkopplæring og vurdering av kompetanse i språk.

Verktøy for å samanlikne ferdigheitar

Europarådet har i fleire tiår arbeidd med språkundervisning, språklæring og vurdering av språkferdigheiter og presenterte dette i eit felles europeisk rammeverk for språk, som vart ferdigstilt i engelsk versjon i 2001. Rammeverket byggjer på seks referansenivå for språkferdigheit som er grundig analysert, og som er resultatet av empirisk forsking. Desse referansenivåa gjer det mogleg å samanlikne ferdigheiter i ulike språk, uavhengig av skolesystem eller eksamen.

Oppslagsverk

Rammeverket for språk er eit verdifullt oppslagsverk for språkpedagogar, lærebokforfattarar, læreplanutviklarar og lingvistar. Vi håper rammeverket, no også i norsk omsetjing, kan bli ei inspirasjonskjelde i arbeidet med å heve kompetansen på feltet språklæring, språkundervisning og vurdering.

Den europeiske språkpermen 

I Noreg er det òg utvikla tre versjonar av Den europeiske språkpermen, for elevar 6-12 og 13-18 år og for vaksne innvandrarar. Språkpermen er eit didaktisk verktøy som går hand i hand med det europeiske rammeverket for språk.

Den europeiske språkpermen finn du her

Bestill rammeverket for språk i norsk omsetjing her 

Vedlegg

Lukk X

Gi tilbakemelding om denne siden

Takk for hjelpen!

Vi vil gjerne ha din hjelp til å gjøre udir.no bedre. Fant du det du trengte på denne siden? Er den bra eller kan den bli bedre?

Vi kan ikke svare på denne meldingen. Send en e-post til post@utdanningsdirektoratet.no hvis du har spørsmål.

Avbryt Send