• Skriv ut

Støtte- og spesialundervisning i Finland - rapport frå ei studiereise, 2006

Hovedinnhold

Ein studie viser at Noreg har mykje å lære av Finland når det gjeld spesialundervisning og andre former for støtteundervisning. Finnane har større lokal fridom til å setje i verk raske og effektive tiltak. Dei har også lågare terskel for å setje i verk støttetiltak som gir betre tilpassa opplæring.

  • Rapport
  • Publisert: 09.06.2006
  • Sist endret: 07.06.2011

Finland har eit system med støtteundervisning som medverkar til eit differensiert opplæringstilbod. Terskelen for å setje i verk støttetiltak i skolen er lågare i Finland enn i Noreg. Slik støtteundervisning kan ein oppfatte som ei ordning mellom ordinær undervisning og spesialundervisning i Noreg. Tiltaket krev ikkje enkeltvedtak. Studien indikerer at Noreg bør sjå nærare på slike støttetiltak for å få til ei betre tilpassa opplæring for alle elevar i tråd med norsk lov og læreplanverk.

Raske og effektive tiltak

I Finland er det stor lokal fridom i lov og læreplanverk, noko som støttar opp om den retten skolen og lærarane har til å setje i verk tiltak raskt og effektivt. Dette er også eit viktig element i Kunnskapsløftet i Noreg. Finlands nasjonale læreplan gir ei detaljert utgreiing av kva slags kompetanse elevane kan oppnå. Ut frå dette kan læraren vurdere elevane sine læringsresultat opp mot konkrete læringsmål.

Studien indikerer at Læreplanverket for Kunnskapsløftet nærmar seg det finske gjennom sterkare fokus på kompetanse- og læringsmål, og på normerande undervisning. 

Utdanningsnivået til foreldra

Utdanningsnivå og økonomi er nokså likt på nasjonalt nivå i Finland og Noreg. Forsking, mellom anna PISA 2000, har dokumentert at utdanningsnivået til foreldra verkar inn på skoleprestasjonane til barna. PISA-resultata indikerer at Finland kan ha jamna ut nokre av dei verknadene som foreldra sitt utdanningsnivå gir i skolen. Studien vurderer i kva grad meir omfattande støtteundervisning i Finland enn i Noreg medverkar til dette.

Dette bør Noreg behalde

Det verkar som om prinsippa om brukarpåverknad og formalitetar knytte til spesialundervisning er tydelegare i Noreg enn i Finland. Studien framhevar at Noreg bør halde på desse prinsippa. Dessutan tyder det på at Noreg har kome lenger enn Finland når det gjeld formål om likeverdig og inkluderande opplæring, enn kva studien fann i den finske ordninga om støtte- og spesialundervisning.

Professor Sidsel Germeten, Høgskolen i Finnmark, har vore prosjektleiar for studien. Den består av dokumentanalyse og erfaringar frå besøk på skolar i Helsingfors-området, som blei valde ut av Utbildningsstyrelsen i Finland.

Vedlegg