Det var 204 543 søkjarar til vidaregåande opplæring i offentlege skolar for skoleåret 2011-12 per 1. mars. Søkjarane er frå 14 til 65 år, men mesteparten er mellom 16 og 18 år gamle. Det er store skilnader i søkinga for gutar og jenter. Jenter er i overtal i studieførebuande orientering, mens gutar er i overtal i yrkesfagleg orientering.
- Artikkel
-
Publisert: 25.05.2011
-
Sist endret: 28.06.2011
Analysen av søkjartala til vidaregåande opplæring 2011-12 viser at ein stor del av elevane i yrkesfaglege utdanningsprogram søkjer påbygging til generell studiekompetanse etter vg2. Men det er store skilnader mellom dei ulike utdanningsprogramma og programområda, og mellom fylka.
Helse- og sosialfag er det største utdanningsprogrammet etter studiespesialisering. Det er hovudsakleg kvinner som søkjer seg til dette utdanningsprogrammet. I tillegg har helse- og sosialfag det høgaste aldersgjennomsnittet og den lågaste delen med ungdomsrett.