I november 2010 blei det satt nasjonale mål for gjennomføringa i vidaregåande opplæring.
- Artikkel
-
Publisert: 05.08.2011
Gjennomføringsbarometeret
Statistikkprosjektet i Ny GIV skal utvikle og legge til rette et felles statistikkgrunnlag og indikatorer som viser hvor vi står i forhold til målene som er satt.
For å kunne følgje opp måla har staten og fylkeskommunane blitt einige om prinsipp for eit felles indikatorsett, slik blir gjennomføring og fråfall talde på same vis i alle fylke. Dette gir eit godt utgangspunkt for å setje måltal og overvake gjennomføringa i vidaregåande opplæring.
Tabellen viser måla som er satt:
| Indikator |
Nasjonalt mål |
| 1 Ordinær overgang fra Vg1 til Vg2 |
Auke på 2 prosentpoeng innan 2013 |
| 2 Ordinær overgang frå Vg2 til Vg3 eller læreplass |
Auke på 2 prosentpoeng innan 2013
|
| 3 Ordinær overgang frå Vg3 til studiekompetanse/ yrkeskompetanse/læreplass |
Auke på 2 prosentpoeng innan 2013 |
| 4 Fullført vidaregåande opplæring innan fem år |
Auke til 75 prosent innan 2015 |
Nullpunktet for dei nasjonale måla for indikatorane 1, 2 og 3 er overgangane som skjedde i 2010 – med andre ord overgangane frå skoleåret 2009-10 og 2010-11. Tilsvarande gjeld målet overgangane som skjer i 2013 – frå skoleåret 2012-13 til 2013-14.
Nullpunktet for indikator 4 var gjennomføringstala som var tilgjengelege i 2010, og det var for kullet som begynte i vidaregåande opplæring i 2004. Det nasjonale målet om 75 prosent som fullfører innan 2015 gjeld for kullet som i 2015 har vore i vidaregåande opplæring i fem år, med andre ord kullet som begynte i vidaregåande opplæring i 2010. Statistikken for dette kullet er klart i 2016.
Data, statistikk og tilstand på indikatorane blir vist på Skoleporten.no og i ein eigen indikatorrapport.