Resultata frå dei nasjonale prøvene i rekning, engelsk og lesing er tilgjengelege på Skoleporten og i Prøveadministrasjonssystemet (PAS).
- Artikkel
-
Publisert: 02.11.2010
-
Sist endret: 07.06.2011
Til resultatene for 5. trinn (Skoleporten)
Til resultatene for ungdomstrinnet (Skoleporten)
Til PAS (krev innlogging)
Resultata frå dei nasjonale prøvene blir presenterte i Skoleporten og i PAS ved hjelp av gjennomsnitt, standardavvik (spreiing) og som prosentfordeling på ein skala med tre meistringsnivå for 5. steget og fem meistringsnivå for 8. steget. Det følgjer med ein kort tekst til kvart meistringsnivå, som omtalar ferdigheitene til elevane på nivået. Meistringsnivåa er nærare forklart i rettleiingane som er utarbeidde til kvar av dei nasjonale prøvene.
Skoleporten og PAS har noko ulik rapportfunksjonalitet. I Skoleporten kan ein mellom anna hente ut rapportar som viser resultata frå dei nasjonale prøvene frå år til år for skolar, kommunar, fylke og på nasjonalt nivå.
I PAS er det mogleg for lærarar og rektorar å hente ut rapportar på individnivå i tillegg til rapportar på skole-, kommune- og fylkesnivå og på landsbasis. I PAS er resultata tilgjengelege i eitt år. Resultata på det nasjonale nivået og på fylkes- og kommunenivåa er tilgjengelege i den opne delen av Skoleporten. Resultata på skolenivået er berre tilgjengelege i PAS og på den pålogga delen av Skoleporten.
Førebelse analysar av årets nasjonale prøver viser at prøvene er svært pålitelege. Prøvene har ei god fordeling av lette, middels og vanskelege oppgåver. Prøvene gir informasjon om elevar på alle meistringsnivåa.
Vidare viser analysar at det er små skilnader mellom kjønna på dei nasjonale prøvene i rekning og engelsk, men gutane gjer det litt betre enn jentene i rekning. Det er også små skilnader mellom kjønna på dei nasjonale prøvene i lesing, men her gjer jentene det litt betre enn gutane. Skilnadene er mindre for dei høgt presterande elevane, og skilnadene mellom kjønna på 8. steget speglar skilnadene på 5. steget.
Det er nytt i 2010 at 9. steget gjennomfører same prøve i rekning og lesing som elevane på 8. steget. Ei samanlikning av resultata kan slik gi ein indikasjon på progresjon i rekne- og leseferdigheiter. Som venta viser analysane at elevane på 9. steget presterer betre enn elevane på 8. steget.
Analyse av prøvene i fagmiljøa
Fagmiljøene som er ansvarlig for utvikling av prøvene, har gjort en analyse av de nasjonale prøvene i 2010.
Meir informasjon om resultat og oppfølging finn du i rettleiaren for skoleeigarar og skoleleiarar.
Til oversikten over retningslinjer og veiledere for nasjonale prøver.