Resultata frå nasjonale prøver 2011

Hovedinnhold

Resultata frå nasjonale prøver i lesing, engelsk (8. steget) og rekning er tilgjengelege på Skoleporten og i Prøveadministrasjonssystemet (PAS). Vi har òg publisert analysar av tala her. 

  • Artikkel
  • Publisert: 01.11.2011
  • Sist endret: 06.12.2011

Til resultata for 5. steget - lesing og rekning1 (Skoleporten)
Til resultata for ungdomssteget - lesing og engelsk og rekning 2 (Skoleporten)

Til PAS3 (krev innlogging)

Korleis presenterer vi resultata?

Resultata frå dei nasjonale prøvene blir presenterte i Skoleporten og i PAS ved hjelp av gjennomsnitt, standardavvik (spreiing) og som prosentfordeling på ein skala med tre meistringsnivå for 5. steget og fem meistringsnivå for 8. steget. Det følgjer med ein kort tekst til kvart meistringsnivå, som omtaler ferdigheitene til elevane på nivået. Meistringsnivåa er nærmare forklarte i rettleiingane som blir utarbeidde til kvar av dei nasjonale prøvene.

Skoleporten og PAS har noko ulik rapportfunksjonalitet. I Skoleporten kan de mellom anna hente ut rapportar som viser resultata frå dei nasjonale prøvene frå år til år for skolar, kommunar, fylke og på nasjonalt nivå.

I PAS er det mogleg for lærarar og rektorar å hente ut rapportar på individnivå i tillegg til rapportar på skole-, kommune- og fylkesnivå og på landsbasis. I PAS er resultata tilgjengelege i eitt år. Resultata på det nasjonale nivået og på fylkes- og kommunenivåa er tilgjengelege i den opne delen av Skoleporten. Resultata på skolenivået er berre tilgjengelege i PAS og på den pålogga delen av Skoleporten.

Analyse av resultata

Rekning

Analysen av nasjonale prøver i rekning 2011 omhandlar nasjonale, fylkesvise og kommunale resultat for nasjonale prøver i rekning på 5., 8. og 9. steget for 2011. Analysen viser at gutane presterer noko betre enn jentene på nasjonale prøver i rekning, men kjønnsskilnadene er små. Det er færre som blir fritekne frå nasjonale prøver i rekning enn i lesing og engelsk, og denne delen har heller ikkje auka like mykje. Det er store skilnader mellom fylka i kor stor del av elevane som er på det lågaste meistringsnivået.

Lesing

Analysen av nasjonale prøver i lesing 2011 omhandlar nasjonale, fylkesvise og kommunale resultat, samanlikna med resultata for tidlegare år. Analysen viser at det er lita endring i gjennomsnittleg meistringsnivå for fylka eller dei største kommunane. Den delen av elevane som blir fritekne, held fram med å auke for begge stega. Vi ser ein auke frå i fjor i den delen av kommunane som har eit gjennomsnittleg meistringsnivå over nasjonalt nivå. Jenter presterer framleis noko betre enn gutar i lesing.

Engelsk

Analysen av nasjonale prøver i engelsk 2011 omhandlar nasjonale, fylkesvise og kommunale resultat for 8. steget. Tala viser at det berre er små kjønnsskilnader. Derimot skil det heile 16 prosentpoeng mellom fylka med den høgaste og lågaste delen av elevane på dei lågaste meistringsnivåa. Den delen av elevane som blir fritekne, held fram med å auke.

I år publiserer vi berre resultata på 8. steget

Gjennomføringa av nasjonal prøve i engelsk på 5. steget vart avlyst i veke 38 på grunn av tekniske problem. Det er mogleg å gjennomføre prøva i veke 46 for dei skolane som ønskjer det. Men fordi prøvene er kjende, og fordi berre nokre få fekk gjennomført i veke 38, vil resultata på 5. steget i år ikkje eigne seg som styringsinformasjon. Det blir derfor ikkje rapportert resultat frå prøva i engelsk for 5. steget på nasjonalt, kommunalt eller skolenivå i år. Det inneber at resultata ikkje blir publiserte i Skoleporten.

Vedlegg

Lukk X

Gi tilbakemelding om denne siden

Takk for hjelpen!

Vi vil gjerne ha din hjelp til å gjøre udir.no bedre. Fant du det du trengte på denne siden? Er den bra eller kan den bli bedre?

Vi kan ikke svare på denne meldingen. Send en e-post til post@utdanningsdirektoratet.no hvis du har spørsmål.

Avbryt Send