Endelege tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) for skoleåret 2010-2011 er no publiserte på www.udir.no/gsi1.
- Artikkel
-
Publisert: 09.08.2011
Resultata viser at det har vore små endringar sidan det førre skoleåret. Elevtalet, gruppestorleiken og årstimar per elev er omtrent det same som for skoleåret 2009-2010.
Spesialundervisning
Likevel kan ein trekkje fram at det har vore ein auke i talet på elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning. Dette gjeld for alle stega i grunnskolen. Det har også vore ein monaleg auke i talet på assistentar det siste året, og det er primært talet på assistenttimar til spesialundervisning som har auka.
Framleis er det flest elevar som vel spansk som framandspråk, følgd av tysk.
Leksehjelp
Nytt av året er leksehjelp.
Kommunane har frå og med skoleåret 2010-11 ansvaret for å tilby minst åtte timar leksehjelp kvar veke fordelte på 1.- 4. steget. Omtrent halvparten av elevane frå 1.- 4. steget deltek i leksehjelpsordninga. I gjennomsnitt får 1.-4. steget i overkant av åtte timar med leksehjelp totalt i veka. Det gjennomsnittlege talet på timar med ressursar som går til leksehjelp per veke, er 8,74 timar. Det kan tyde på at det ikkje er uvanleg å fordele elevane i fleire grupper, også per steg, sidan talet på ressursar er høgare enn tilbodet til elevane.
Fysisk aktivitet
Vi presenterer også for fyrste gong tal for fysisk aktivitet. Skolane gir i gjennomsnitt over 100 timar i året samla for 5.-7. steget, eit tal som er monaleg over kravet på 76 timar.
Vaksne i grunnopplæringa
Det har vore ein auke i talet på vaksne som får opplæring etter opplæringslova § 4A-1 om rett til grunnskoleopplæring for vaksne, og § 4A-2. Det har vore ein auke blant vaksne som får ordinær grunnskoleopplæring, mens det har vore ein nedgang i talet på vaksne som får spesialundervisning på området til grunnskolen. Talet på minoritetsspråklege har auka, særleg talet på dei som får ordinær grunnskoleopplæring for vaksne.
Det er nytt i år at vi presenterer tal for aldersfordelinga, opplæringsstaden og undervisningstidspunktet for dei vaksne i grunnskoleopplæringa.