• Skriv ut

Norskfaget og sidemålet – tid for endring

Hovedinnhold

Norskfaget i skolen er både eit språklæringsfag og eit sentralt kulturfag, og har omfattande og ambisiøse målsetjingar. No skal læreplanen reviderast for å bli klarare.

  • Uttalelse
  • Publisert: 30.01.2012

Av Dag Thomas Gisholt, direktør og Tone Vindegg, seniorrådgivar, Utdanningsdirektoratet

Avgjerda blir teken av Kunnskapsdepartementet etter ei grundig høyring, men først skal vi ha ein brei debatt om kva som bør vere dei viktigaste prioriteringane i faget. Utdanningsdirektoratet meiner at det er på tide å prioritere opplæringa i skriftleg hovudmål høgare enn skriftleg sidemål.

Den språklege likestillinga i Noreg er ikkje til debatt. Nynorsk og bokmål er likeverdige målformer, og alle som bur i Noreg, møter begge dei to variantane av norsk i media og samfunnsliv. Det gjeld også i skolen, men elevane har éi av målformene som hovudmål i skriveopplæringa. I grunnskolen har no 87 prosent av elevane bokmål som hovudmål, medan 13 prosent har nynorsk.

I dag legg læreplanen opp til at det skal leggjast like stor vekt på å skrive sidemål som hovudmål på ungdomstrinnet og studieførebuande utdanningsprogram. Måla for opplæringa er identiske, og karakter- og eksamenssystemet langt på veg likt for sidemål og hovudmål. Det er same formelle krav til skrivekompetanse i begge målformene, sjølv om opplæringslova berre krev at elevane har sidemålsopplæring i to år i grunnskolen. Vi har altså same krav til meistring av den målforma elevane lærer i to år som den dei lærer i ti år.

Manglande samsvar mellom opplæring og ambisjonsnivå

Det manglande samsvaret mellom opplæringa og ambisjonsnivået er uheldig. Når læreplanen no skal bli klarare, må vi velje ein retning. Vi kan satse tyngre på sidemålet og starte opplæringa tidlegare. Men dersom vi meiner at norske ungdommar generelt treng å styrke skrivekompetansen sin, er det viktigare å styrke hovudmålet.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har vi sett i gang eit arbeid for å synleggjere dei grunnleggjande lese- og skrivedugleikane i læreplanane. Skriving inngår på ulike måtar i alle fag, men den systematiske opplæringa ligg i norskfaget. Vi meiner at sidemålet framleis skal vere ein del av faget, men ha mindre omfang enn hovudmålet. Det er svært ambisiøst å krevje at alle elevar skal vere like gode i begge dei to målformene, og dersom vi skal styrke elevane si evne til å uttrykkje seg skriftleg på hovudmålet sitt, kan vi ikkje samtidig gi sidemålet mykje større plass i opplæringa.

Språkmangfald og danning

I læreplanen er skriveopplæringa sett inn i eit breitt danningsperspektiv. Elevane skal bli kjende med det språkmangfaldet som finst i Noreg – både dei to målformene, samisk, minoritetsspråk og impulsar frå ei aukande internasjonalisering. I denne tekstkulturen skal elevane finne si eiga stemme, dei skal få eit bevisst forhold til språkleg mangfald, og lære å skrive bokmål og nynorsk.

Dette danningsperspektivet meiner vi det er vesentleg å halde fast ved. Elevane skal lese nynorsk, dei skal ha god kjennskap til den norske språksituasjonen, og dei skal skrive på begge målformer. Innanfor eit slikt perspektiv kan ein likevel prioritere skriveopplæringa på hovudmålet. Ein kan seie at elevane skal kunne meistre hovudmålet sitt godt og ha ein viss praktisk kjennskap til sidemålet, slik at dei har eit grunnlag for å lære det godt seinare, dersom dei ønskjer det eller har bruk for det. Med ei slik endring blir det tydelegare at yrkesutdanningane og arbeidslivet må ta ansvar for dei arbeidstakarane som skal meistre begge målformene like godt, slik at dei får den nødvendige spisskompetansen.

Framtida for nynorsk skriftspråk

Opplæringa i skriftleg sidemål blir ofte framstilt som ein garanti for å bevare nynorsk skriftkultur på sikt. Når Utdanningsdirektoratet tilrår å leggje mindre vekt på sidemålsopplæringa og meir vekt på hovudmålet, er det også fordi vi meiner at ei satsing på hovudmålselevane er avgjerande viktig for nynorsken. Det er elevane med nynorsk hovudmål som representerer framtida for den nynorske skriftkulturen. Men dei får ikkje alltid god nok opplæring i hovudmålet sitt, og spørsmålet er om dei vil halde fram med å bruke nynorsk, både privat og i offentlege samanhengar, i vidare utdanning og arbeidsliv. I dag går talet på nynorskelevar sakte, men sikkert ned.

Vi meiner det er like viktig for nynorskelevane som for bokmålselevane å satse på hovudmålet. Dei to gruppene har ulike opplæringsvilkår og interesser. Bokmålselevane skal lære eit sidemål som dei ikkje så ofte møter utanfor skolen. Nynorskelevane kan trenge tiltak som støttar motivasjonen til å bruke nynorsk seinare. Og dersom dei framleis skal kunne bruke nynorsk på alle samfunnsområde, er det først og fremst viktig at majoriteten er vane med å lese nynorsk. Om alle kan skrive nynorsk like godt, har mindre å seie.

Færre karakterar i norsk?

Utdanningsdirektoratet foreslår at måla for skrivekompetanse blir ulike for sidemål og hovudmål. På yrkesfag skal elevane berre skrive hovudmål, som i dag. Vi foreslår også å redusere talet på karakterar i faget, slik at det blir éin felles karakter for norsk skriftleg. Den samla skrivekompetansen til eleven vil då ligge til grunn for karakteren. Det opnar for at læraren kan organisere skriveopplæringa på ulike måtar og ikkje må arbeide parallelt med sidemål og hovudmål heile tida.

Vil det føre til ei nedprioritering av nynorsk som skriftleg sidemål? Ja, det kan hende. Skriftleg sidemål er eitt av mange viktige emne i faget, og vi meiner at opplæringa og vurderinga i norsk skriftleg skal vektlegge heilskapen i skrivekompetansen til eleven. Vi foreslår også at dei elevane som blir trekte ut til skriftleg eksamen i norsk på ungdomstrinnet, berre skal prøvast i hovudmålet sitt. På studieførebuande utdanningsprogram tilrår vi at den eksamensordninga vi har i dag, held fram, men innhaldet i eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla.

Det er tid for endring av norskfaget. Vi ser fram til ein brei debatt.

Les meir

Oppdragsbrevet frå Kunnskapsdepartementet og våre forslag til endringar i norskfaget.