• Skriv ut

Statped

Hovedinnhold

Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) er eit nettverk av spesialpedagogiske kompetansesenter som er styrt av Utdanningsdirektoratet.

Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for å gi barn, unge og vaksne opplæring og moglegheit til god utvikling. Statped tilbyr støtte til kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med barn, unge og vaksne som har særskilde opplæringsbehov.

Statped støttar kommunane både i arbeidet med enkelte barn, unge eller vaksne med særskilde opplæringsbehov, og med systemretta tiltak for ein betre læringssituasjon for enkeltindivid med særskilde behov. Ved behov utviklar Statped tiltak for kompetanseheving på lokalt nivå saman med kommunane og fylkeskommunane.

Statped er organisert som tolv statlege kompetansesenter som er eigne verksemder. Meir informasjon om kva det enkelte senter gjer og tilbyr til kommunar og fylkeskommunar finst på statped.no.
Sjå også: Tjenester fra Statped - vedtak og klageadgang

Frå 1. januar 2013 skal Statped omorganiserast som ei verksemd med ei felles leiing.

Statped (0)

Til nettsida