Dette er eit hefte som fortel litt om norsk offentleg grunnskule og om rettar og plikter for heim og skule.
- Brosjyre
-
Publisert: 13.12.2005
-
Sist endret: 07.06.2011
I skulen gjeld lover og reglar som elles i samfunnet. Skal skulen fungera slik vi ynskjer, må både skulen, foreldra og elevane kjenna sine rettar og plikter, slik at alle kan vera fullverdige deltakarar. Alle har dermed eit medansvar for den sosiale utviklinga til elevane og det faglege utbytet deira i skulen.
Når alle kjenner rettane og pliktene sine, er det òg klarare kva ein kan venta av kvarandre. Dermed er grunnlaget lagt for eit utbyterikt samarbeid mellom heim og skule.
Skulen skal fremja den faglege dugleiken til elevane og gje dei kompetanse til stadig å tileigna seg nye kunnskapar og øva opp nye evner. I tillegg skal elevane bli fortrulege med dei berande verdiar i det norske samfunnet. Alt arbeid i skulen byggjer på verdiar som toleranse, likeverd og demokrati.