Rettleiar for opplæring av barn og unge med hørselshemmingRettleiaren er eit bidrag til at alle hørselshemma barn og unge, også barn og unge med cochleaimplantat (CI), skal få eit likeverdig og heilskapleg opplæringstilbod.
- Veileder
-
Publisert: 01.03.2010
-
Sist endret: 07.06.2011
Målgruppa er skole- og barnehageeigarar og skoleleiarar / pedagogiske leiarar. Like fullt gir rettleiaren mykje god informasjon til alle som har ansvar for pedagogisk tilrettelegging for hørselshemma barn og unge. Rettleiaren viser også til korleis foreldre kan bidra i tale- og språkutviklinga.
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiaren på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Prosjektgruppa har vore breitt samansett med deltakarar frå Statped, brukarorganisasjonane Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) og Døveforbundet samt Rikshospitalet. I styringsgruppa har også Helsedirektoratet og Kommunenes Sentralforbund (KS) vore med.