Skoleturar og gratisprinsippet i vidaregåande opplæring

Hovedinnhold

Utdanningsdirektoratet har fått mange førespurnader om kor langt retten til gratis vidaregåande opplæring rekk i offentleg vidaregåande skole, også medrekna lærebedrift.

  • Artikkel
  • Publisert: 15.11.2007
  • Sist endret: 07.06.2011

Eit vanleg spørsmål er om det er høve til krevje at elevane, medrekna lærlingar og lærekandidatar, sjølve dekkjer kostnader i samband med skoleturar.

Det følgjer av opplæringslova § 3-1, siste ledd, første punkt, at opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Skolen eller lærebedrifta kan likevel krevje at elevane dekkjer enkelte kostnader ved opplæringa, § 3-1, siste ledd, tredje og fjerde punkt.

Opplæringslova ligg på Lovdata.no.

Opplæringslova § 3-1, siste ledd

Det rettslege grunnlaget for retten til gratis vidaregåande skole er opplæringslova § 3-1, siste ledd. Regelen har fastsett at retten til vidaregåande opplæring skal vere gratis sidan opplæringslova vart vedteken ved Ot. prp. nr. 46 (1997-98). Endring i opplæringslova § 3-1, ved Ot. prp. nr. 41 (2006-2007) og Innst. O. nr. 87 (2006-2007), har likevel frå 1. august 2007 gitt denne regelen større rekkjevidd. Desse endringane har utfyllande reglar i forskrift til opplæringslova § 19-6 om innføringa av gratis trykte og digitale læremiddel. Kunnskapsdepartementet har i rundskriv F-13-07 gitt informasjon om lovendringane i tilknyting til gratis vidaregåande skole.

Opplæringslov § 3-1, siste ledd seier følgjande:
Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Lovregelen slår fast at den offentlege vidaregåande skolen skal vere gratis. Fylkeskommunen sitt ansvar for å halde elevane med nødvendig trykte og digitale læremiddel skal likevel innførast gradvis. Det følgjer av forskrift til opplæringslova § 19-6 andre ledd at fylkeskommunen sitt ansvar for gratis trykte og digitale læremiddel vil gjelde for elevar i Vg2 frå hausten 2007, Vg3 frå hausten 2008 og Vg1 frå hausten 2009.

Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å halde seg med individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Det er her mellom anna tenkt på kladdebøker, lommekalkulatorar, skrivemateriell og nødvendig påkledning i yrkesfag. Direktoratet meiner fylkeskommunen også kan krevje at kostnader til nødvendig tøy og sko til bruk i kroppsøving skal dekkjast av den enkelte eleven.

Kostnader til individuelt utstyr er altså unnatekne frå hovudregelen om rett til gratis vidaregåande opplæring. Det er likevel oppretta eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassen som skal bidra til å dekkje utgifter som elevane har til læremiddel og nødvendig individuelt utstyr, og som ikkje blir dekte av fylkeskommunen. Lærlingar og lærekandidatar er ikkje omfatta av stipendordninga.

Les om stipendet på Lånekassens nettsider.

Særleg om skoleturar

Problemstillinga er om fylkeskommunen kan krevje at elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring sjølve dekkjer utgifter til skoleturar.

Rettsleg grunnlag for spørsmålet er opplæringslova § 3-1. Ordlyden i lova tek ikkje eksplisitt stilling til kven som skal dekkje kostnader i samband med skoleturar. Problemstillinga er heller ikkje drøfta i forarbeida til lova.

Direktoratet finn det riktig å ta utgangspunkt i at vidaregåande opplæring skal vere gratis. Dersom ein skoletur blir rekna som ein del av vidaregåande opplæring, skal kostnadene ved reisa dekkjast av fylkeskommunen. Dette vil gjelde alle aktivitetar i vidregåande opplæring som går føre seg i skolens regi. Det er også slik retten til gratis opplæring er lovregulert og praktisert i grunnskolen, jf. opplæringslova § 2-15 og rundskriv F-14-03.

Eit nærliggjande spørsmål vil vere om ei konkret reise skal reknast som ein skoletur. Direktoratet meiner dette må avgjerast etter ei vurdering av fleire moment, som til dømes:

  • Går reisa føre seg i skoletida?
  • Kan reisa knytast til eit pedagogisk tema eller aktivitetar i den vidaregåande opplæringa?
  • Er lærarane med på turen?
  • Er skoleeigaren (fylkeskommunen) ansvarleg dersom det oppstår uhell?
  • Er det utarbeidd reglement, og har dette reglementet sanksjonar for ev. heimsending?
  • Går turen fram av skolens verksemdsplan/årsplan?
  • Er det organisert opplæringstilbod for elevar som ikkje er med på turen?

Det må presiserast at denne lista ikkje er uttømmande. Dersom eit eller fleire av dei nemnde momenta er til stades, kan ein sjå på reisa som ein del av vidaregåande opplæring som skal vere gratis. Dersom skoleeigaren og skolen er ansvarlege for skoleturen, er dei dermed også ansvarlege for organisering, gjennomføring og dekning av kostnadene ved ei eventuell heimsending av elevar.

Direktoratet vil understreke at bakgrunnen for retten til gratis grunnskole og vidaregåande opplæring er ein inkluderande skole der alle kan delta på lik linje, uavhengig av personleg økonomisk bakgrunn. Dette inneber ikkje at opplæringslova er til hinder for at skoleturar og andre kostnadskrevjande aktivitetar blir finansierte av andre enn skoleeigaren/skolen, så lenge ikkje retten til gratis vidaregåande opplæring blir broten. Elevar og føresette kan derfor, på samme måten som i grunnskolen, gå saman om å finansiere skoleturar ved reelt frivillige gåver og dugnader, så lenge det ikkje blir lagt fram motytingar for desse bidraga, og under føresetnad av at dei kjem heile elevgruppa til gode. Vi viser elles til retningslinjene i F-14-03, som også kan gi rettleiing om kva for gåver, dugnader m.m. vidaregåande skolar har rett til å ta imot frå foreldre/føresette, foreiningar. mfl. 

F-14-03 Ny lovbestemmelse om rett til gratis grunnskoleopplæring

Vedlegg

Lukk X

Gi tilbakemelding om denne siden

Takk for hjelpen!

Vi vil gjerne ha din hjelp til å gjøre udir.no bedre. Fant du det du trengte på denne siden? Er den bra eller kan den bli bedre?

Vi kan ikke svare på denne meldingen. Send en e-post til post@utdanningsdirektoratet.no hvis du har spørsmål.

Avbryt Send