Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar med særskilde behov

Hovedinnhold

Tilskottsordninga er for dei som er under 25 år. Ho gjeld for lærlingar og lærekandidatar som har særskilde behov og/eller har svake norskdugleikar og kort butid i Noreg. I tillegg er kandidatar med særskilde behov, som fram til no har vore innanfor forsøksordninga med praksisbrev, omfatta av ordninga. Frist for innsending av elektronisk søknad frå fylkeskommunen er 1. oktober.

  • Tilskuddsordning
  • Publisert: 02.01.2012
  • Sist endret: 15.02.2016

Målgruppa

Dei under 25 år som oppfyller eit av desse kriteria.

  • Lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov. Med særskilde behov meiner vi lærlingar/lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
  • Kandidatar som fram til no har vore innanfor forsøksordninga med praksisbrev.
  • Lærlingar og lærekandidatar med kort butid i landet og svake norskdugleikar. Med kort butid i landet meiner vi inntil 6 års butid i Noreg ved søknad om tilskott.

Målet med ordninga

Målet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov moglegheit til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. For å stimulere lærebedrifter til å teikne fleire lærekontrakter/opplæringskontrakter med minoritetsspråklege kan tilskottet også nyttast til lærlingar og lærekandidatar med svake norskdugleikar og kort butid i Noreg. Intensjonen er at ungdommane lettare skal kome ut i det ordinære arbeidslivet.

Mottakarar

Mottakarar av tilskott er lærebedrifter. Fylkeskommunen formidlar tilskottet til lærebedrifta.

Berekningsregel og sats

Tilskottsordninga er styrt av budsjettet og løyvingane i statsbudsjettet har direkte innverknad på storleiken på tilskottet.

I 2016 er veiledende sats per klokketime 381 kroner. Dersom samla timetall for søkarane er større enn budsjettramma, vil tilskottet bli avkorta. Avkortinga vil være i høve til tilskottet til den enkelte tilskottsmottakar.

Satsar fag- og yrkesopplæring

Elektronisk søknadsskjema for fylkeskommunen – søknadsprosedyre

Det er eit elektronisk søknadsskjema for denne tilskottsordninga, som fylkeskommunen skal bruke. Søknadsfristen er 1. oktober kl. 24.00. Etter dette tidspunktet vil portalen vere stengd for mottak av søknader.

Fylkeskommunen vil få ein e-post fra Utdanningsdirektoratet som stadfestar at søknaden er kommen fram. Stadfestinga blir send til den e-postadressa som står som avsendar av søknaden.

Vi tilrår at søknadene framleis blir sende inn til oss fortløpande, etter at dei er behandla internt av fylkeskommunen. Dette vil korte ned svartida etter at søknadsfristen er ute.

Til søknadsskjema for fylkeskommunen og søknadsskjema og rapportar for bedrifta

Vedlegg