Statens utdanningskontor
Opplæringsetaten i fylket
Vidaregåande skolar
- Rundskriv
-
Publisert: 06.12.2001
-
Sist endret: 09.06.2011
Læringssenteret sender med dette ut materiell til eksempel på eksamensoppgåve i teiknspråk (VT9920 B-språk 2/VT9960 C-språk 3). Denne delen av materiellet består av eitt eksemplar av den delen av eksempeloppgåva som ligg føre på papir. Til materiellet hører òg den delen av oppgåva som ligg føre på videokassett. Statens utdanningskontor i kvart fylke har fått tilsendt eitt eksemplar av kvar videokassett som skolane kan låne ved å vende seg til det aktuelle utdanningskontoret.
Det vil ikkje bli laga fleire eksempeloppgåver for dette nivået.
Vi understrekar at eksempeloppgåvene ikkje er å oppfatte som norm for korleis eksamensoppgåvene skal sjå ut med tanke på oppsett, oppgåvetypar, tal på oppgåver o.l., men som eksempel på korleis måla i læreplanen kan bli prøvde ved eksamen.
Det som likevel vil danne grunnlaget for oppgåvene, er at læreplanen seier at eksamen skal vere ei kombinert prøve. For teiknspråk inneber dette at elevane skal både spele svaret sitt på ein del av prøva inn på ein videokassett (jf. oppgåve 1 og 2 i denne eksempeloppgåva) og kunne kommunisere direkte med ein annan person, gjerne på grunnlag av idear, problemstillingar og anna materiale på ein videokassett (jf. oppgåve 3 i denne eksempeloppgåva).
Det skriftlege materiellet til eksempeloppgåva ligg føre på nynorsk (sjå vedlegg). Eksamensoppgåvene vil liggje føre i begge målformer. Når det gjeld vurderingsrettleiing, viser vi til Rundskriv LS-14-2000 Eksempeloppgåve i teiknspråk B-språk 1/C-språk 2, datert 27.11.01 (det vil seinare bli laga ei eiga utgåve av vurderingsrettleiinga i begge målformer for elevar).
For å kunne produsere best moglege oppgåver i teiknspråk, er vi avhengige av å få vite korleis skolane vurderer eksempeloppgåva og utkastet til vurderingsrettleiing. Vi ber derfor om synspunkt på denne eksempeloppgåva.
Vi vil oppfordre skolar som driv eller planlegg opplæring i teiknspråk som B- og C-språk, om å låne videokassetten frå utdanningskontora for å kunne gi oss synspunkt som vi kan ta med i arbeidet med eksamensoppgåvene.
Rundskriv LS-54-2001 inneheld oversyn over informasjon om språkfaga i Reform 94. V ber om at lærarar som driv opplæring i teiknspråk som B- og C-språk, blir gjort kjende med den delen av denne informasjonen som er relevant for teiknspråk.
Med vennleg helsing
Jostein Osnes direktør
|
Arild Thorbjørnsen avdelingsdirektør |