LS-21-2001 Ny eksempeloppgåve for grunnkurs sal og service, vurderingsrettleiing og oppsummeringsnotat

Hovedinnhold

Vidaregåande skolar
Statens utdanningskontor
Utdanningsetatane i fylka

  • Rundskriv
  • Publisert: 03.05.2001
  • Sist endret: 09.06.2011

Dette rundskrivet er utarbeidd på bakgrunn av rundskriv LS-06-2001 av 10.01.01.

Informasjonen gjeld den tverrfaglege eksamenen for elevar i SA1099 Sal og service, grunnkurs. Læringssenteret har  tidlegare utarbeidd eksempeloppgåvene A og B. Vedlagt følgjer eksempeloppgåve C. Dessutan har Læringssenteret utarbeidd ei vurderingsrettleiing  med vurderingsskjema.

Vurderingsrettleiinga

Det er viktig at både elevar og lærarar arbeider med vurderingsrettleiinga før eksamen skal gjennomførast. Rettleiinga skal fungere som rettesnor for vurderinga av eksamenssvaret. Det som er spesielt ved grunnkurseksamen for sal og service, er at eksamen byggjer på ein produksjonsdel som er skriftleg, og ein dokumentasjonsdel der elevane skal leggje fram stoffet munnleg og individuelt med høring i grupper. Vurderingsskjemaet er eit nyttig dokument der ein kan notere undervegs i vurderinga, og ein dokumentasjon for det endelege karakterforslaget.

Vurderingsskjemaet

Vurderingsskjemaet bør sjølvsagt også brukast av alle som skal vere sensorar. Det er svært viktig å ha eit felles utgangspunkt i dei kriteria som blir vektlagde under vurderinga. Også elevane må få kunnskap om bruken av dette skjemaet ved at det blir nytta av faglærarane under vurderinga av prøver gjennom året. Det vil medføre at elevar og sensorar utviklar ei felles oppfatning av kva som skal vurderast og kva kriterium som gjeld.

Vårens eksamen er den første for studieretninga, og det er mykje nytt for både elevar og lærarar. Munnleg og individuell høring er det lite erfaring med, og det er viktig å få til ei heilskapleg vurdering. Vurderingsskjemaet bør sjølvsagt også brukast av alle som skal vere sensorar.

Etter ein førespurnad frå Læringssenteret vart eksempeloppgåvene A og B gjennomførte i tre prøveklassar ved Drømtorp vidaregåande skole. Ein av lærarane ved skolen stod ansvarleg for gjennomføringa. Oppsummeringsnotatet følgjer vedlagt (vedlegg 1). Sjølve gjennomføringa vart presentert under etterutdanningsseminaret for grunnkurs sal og service og vil vere tilgjengeleg på "Blackboard" ved høgskolen i Buskerud, Hønefoss. Her kan alle som underviser ved studieretninga, få tilgang ved å vende seg til skolen.

Vedlagt følgjer også oppsummeringa av spørjeskjemaet som vart delt ut på etterutdanningskurset (vedlegg 2).

Vi vil gjerne oppmode skolane om å prøve ut den nye eksempeloppgåva og gi oss tilbakemelding både no med det same og etter at oppgåva er prøvd ut. Vi ønskjer også tilbakemelding om korleis vurderingsrettleiinga med skjema fungerer.

Ver så vennleg å sende kommentarar til
Læringssenteret
v/ Turid Ring Østensvig
Postboks 2924 Tøyen
0608  OSLO

Les rundskrivet her

Lukk X

Gi tilbakemelding om denne siden

Takk for hjelpen!

Vi vil gjerne ha din hjelp til å gjøre udir.no bedre. Fant du det du trengte på denne siden? Er den bra eller kan den bli bedre?

Vi kan ikke svare på denne meldingen. Send en e-post til post@utdanningsdirektoratet.no hvis du har spørsmål.

Avbryt Send