Fylkeskommunane
Statens utdanningskontor
Dei vidaregåande skolane
Opplæringsråda
NHO, LO, lærarorganisasjonane
- Rundskriv
-
Publisert: 19.02.2001
-
Sist endret: 09.06.2011
I rundskriv LS-05-2001 informerte vi om at det blir innført nye reglar for prøving i den teoretiske delen av fag- og sveineprøvene for praksiskandidatar. Her i dette rundskrivet kjem grundigare informasjon om fleire sider ved ordninga.
Kven ordninga gjeld for
Den nye ordninga gjeld praksiskandidatar, dvs. kandidatar etter § 3-5 i opplæringslova. Dei faga som er omfatta av ordninga, finn ein i vedlegget til rundskriv LS-05-2001.
Ordninga gjeld ikkje lærlingar med kontrakt etter §§ 3-3 og 4-5 (lærlingar med full opplæring i bedrift). Desse skal, som i dag, opp til tverrfagleg teorieksamen i studieretningsfaga på VKI.
Kva for eksamen skal dei ulike kandidatane ta?
Vedlagt er eit skjema med oversikt over dei eksamenane kandidatar i dei ulike lærefaga må ta som den teoretiske delen av fag- eller sveineprøva.
Kva skal kandidatane prøvast i?
For dei nye eksamensfaga vil det bli laga teorioppgåver som refererer seg til mål i
læreplanane for dei lærefaga kandidatane tek sikte på å kvalifisere seg i, dvs. læreplanane for grunnkurs, vidaregåande kurs I og vidaregåande kurs II/opplæring i bedrift.
Kandidatar med kompetansebevis frå VKI
For kandidatar som melder seg opp til den praktiske delen av fag- eller sveineprøva i eit lærefag som er omfatta av den nye ordninga etter at denne er sett i kraft, vil allereie bestått tverrfagleg eksamen i studieretningsfaga på aktuelt VKI gjelde som teoretisk del av fag- eller sveineprøve på linje med eksamen etter den nye ordninga.
Ikraftsetjing og overgangsordning
Ordninga trer i kraft frå og med eksamen 10. desember 2001. Kandidatar som har stroke til tidlegare eksamen eller har følgt kurs planlagt for tverrfagleg eksamen i studieretningsfaga på VKI, kan gå opp etter den nogjeldande ordninga 10. desember 2001. Etter denne datoen skal kandidatane gå opp etter den nye ordninga.
Oppmelding
Oppmelding vil skje på same måten og med dei same fristane som til dagens teoriprøver på VKI-nivå. Dei nye eksamensfaga har fått kodar i same serien som dei eksisterande faga, men kodane har 8 som første siffer der eksamen på VKI-nivå har 7, og eksamen i avviksfaga har 6 som første siffer.
Sensur
Det vil vere lokal sensur lik sensuren for eksamen på VKI-nivå.
Vennleg helsing
Jostein Osnes direktør
|
Arild Thorbjørnsen avdelingsdirektør |