Fylkesmennene
Utdanningsetaten i fylkeskommunane
- Rundskriv
-
Publisert: 11.05.2005
-
Sist endret: 07.06.2011
Eksamensplanen
Som vedlegg følgjer eksamensplanen med oversikt over eksamensdagane hausten 2005.
Eksamensplanen dekkjer alle sentralt gitte skriftlege eksamenar for elevar, privatistar, lærlingar og praksiskandidatar i alle studieretningar, i tillegg til teknisk fagskole.
I dei studieførebuande studieretningane vil som tidlegare elevar og privatistar få likelydande eksamensoppgåver i dei faga der det ikkje er førebuing for elevane. I dei faga der elevane har førebuing, vil det bli utarbeidd eigne oppgåver for privatistane. Denne ordninga vil gjelde for eksamen om hausten, medan dei to gruppene framleis vil vere skilde ved eksamen om våren, i tråd med rundskriv LS-43-2002.
Oversikta over eksamensdagane er organisert studieretning for studieretning. I studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, studieretning for musikk, dans og drama og studieretning for idrettsfag er det laga ulike oversikter for elevar og for privatistar.
Følgjande opplysningar er grupperte i eigne kolonnar i vedlegget:
- eksamensdato
- fagkode og fagnamn
- eksamensdel (førebuingsdag, eksamen, produksjonsdel eller dokumentasjonsdel)
Skriv om hjelpemiddel
Reglane for å bruke hjelpemiddel vil vere dei same ved hausteksamen som ved den føregåande våreksamenen, jf. rundskriva UDir-8-2004 og UDir-9-2004.
Vidareføring av IKT-forsøk
Eksamen med alternative oppgåver og bruk av IKT i norsk, matematikk, engelsk og samfunnskunnskap (tidlegare IKT-forsøk) kan bli vald som alternativ til dei ordinære oppgåvene. Opplysningar om desse eksamenane finn ein på Utdanningsdirektoratet si heimeside: www.utdanningsdirektoratet.no
Spørsmål til dette skrivet, skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til fylkesmannen.