• Skriv ut

Forum for norskfaget

Hovedinnhold

Kunnskapsdepartementet har bede Utdanningsdirektoratet om å vurdera og gi råd om på kva måte heilskapen i norskfaget best kan ivaretakast. Dette er bakgunnen for at Utdanningsdirektoratet våren 2010 oppretta Forum for norskfaget.

  • Artikkel
  • Publisert: 24.06.2010
  • Sist endret: 07.06.2011

Forumet skal vera eit organ for kunnskaps- og erfaringsutveksling i det kontinuerlige arbeidet med gjennomføringa av læreplanane i norsk i grunnopplæringa. Det skal rapportera til direktoratet om utfordringar i faget, gi råd og foreslå tiltak.

Forum for norskfaget består av 19 engasjerte og kompetente praktikarar som arbeider med norskfaget i grunnopplæringa og i lærarutdanninga. Lærarar frå ulike nivå i grunnopplæringa, vaksenopplæringa inkludert, utgjer hovudtyngda.