Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre eit toårig forsøk for å få auka kunnskap om framandspråkopplæring på 6. og 7. årssteget og om lokale behov. Her er informasjon til foreldre og elevar som skal i gang med forsøket.
- Brosjyre
-
Publisert: 13.09.2010
-
Sist endret: 07.06.2011
Vi reiser meir og møter stadig fleire språk og kulturar. Kontakt med omverda blir viktigare. Barn opplever tidleg gleda og nytten av å kunne andre språk gjennom nye medium og reiser til andre land. Det verdfulle og viktige ved å lære fleire framandspråk har ført til at ei rad europeiske land startar med framandspråkundervisning tidlegare enn før.
Resultata frå forsøket skal medverke til å vurdere ei eventuell framtidig utviding av timetalet på 6. og 7. årssteget. Forsøket omfattar 45 kommunar i 17 fylke og skal setjast i gang hausten 2010. Skolane som deltek i forsøket, tilbyr i hovudsak språka tysk, fransk og spansk. Kommunane, fylkesmannsembeta og Utdanningsdirektoratet har valt ut dei skolane som deltek i forsøket.
Organisering
Forsøket blir organisert ved ei timetalsutviding på 152 klokketimar over to år. Dette tilsvarer i gjennomsnitt to ekstra timar i veka. Ein læreplan er utarbeidd og skal leggjast til grunn for forsøket. Oppdaterte oversikter over læringsressursar og anna bakgrunnsmateriale ligg på nettstaden til Nasjonalt senter for framandspråk i
opplæringa: www.fremmedspraksenteret.no/fremmedsprak_barnetrinn
Om forsøket
Forsøket med framandspråk på barnesteget skal gjere det mogleg for elevane å lære eitt eller fleire framandspråk allereie frå 6. årssteget. Ved å møte fleire framandspråk alt på barnesteget vil elevane kunne styrkje den generelle språkkompetansen og ta eit meir bevisst val av fag på ungdomssteget. Ved val av språk i
forsøket skal det så langt som mogleg leggjast til rette for at elevane skal kunne gå vidare med språket på ungdomssteget, men i enkelte kommunar vil ikkje dette utan vidare vere mogleg.
Faget skal medverke til å auke medvitet til elevane om språk vi har rundt oss, vekkje deira nyfikne og motivere dei til å utforske fleire språk og kulturar. Elevane skal i tillegg få innsyn i kva for strategiar vi bruker for å forstå og bli forstått.
Pedagogiske modellar
Kvar enkelt skole i forsøket avgjer om elevane skal få tilbod om opplæring i eitt språk (progresjonsmodell) eller smakebitar av fleire språk (introduksjonsmodell). Det er ikkje høve til å byte modell undervegs i forsøket. Talet på språk og kva for språk som høyrer med, vil ha ein god del å seie for kor godt elevane lærer seg språket
eller språka. Elevar som følgjer progresjonsmodellen, kan utvikle eit større ordforråd, både passivt og aktivt. Elevar som følgjer introduksjonsmodellen, kan lære å uttrykkje seg på fleire språk, men på eit lågare nivå. Dei vil òg i større grad sjå samanhengen mellom ulike språk.
Eksempel på kompetansemål i faget
Læreplanen har tre hovudområde: Språk og språklæring, Kommunikasjon og Kulturmøte. Her er nokre eksempel på mål som elevane skal arbeide mot.
Under Språk og språklæring (felles for begge modellane) finn vi blant måla at eleven skal kunne
- sjå likskapen mellom språk eleven allereie kan, og nye språk
- kjenne til strategiar for lesing, lytting og munnleg bruk av språket
- gi eksempel på ulike måtar å lære nye ord og uttrykk på
Under Kommunikasjon (introduksjonsmodellen) finn vi blant anna måla
- bruke alfabetet og teikna i språka
- stille enkle spørsmål og svare på enkle, munnlege spørsmål
- forstå og bruke dei mest vanlege uttrykka for høfleg framferd
- forstå enkle instruksjonar
- forstå og bruke ein del vanlege ord og uttrykk om seg sjølv, eigen familie og interesser
- skrive ord, uttrykk og enkle setningar
- kombinere ord, lyd og bilete manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
- bruke ord og uttrykk for å få hjelp til å forstå og bli forstått
Under Kommunikasjon (progresjonsmodellen) finn vi blant anna måla
- bruke alfabetet og teikna i språket
- stille enkle spørsmål og svare på enkle, munnlege spørsmål
- forstå og bruke dei mest vanlege uttrykka for høfleg framferd
- forstå enkle instruksjonar
- forstå og bruke ein del vanlege ord og uttrykk knytte til daglegliv, fritid og eigne interesser
- forstå hovudinnhaldet i enkle munnlege framstillingar om kjende emne
- delta i daglegdagse samtalesituasjonar
- bruke ord og uttrykk for å få hjelp til å forstå og bli forstått
- skrive korte beskjedar og setningar som beskriv, fortel og spør
- lage forteljingar ved å kombinere ord, lyd og bilete manuelt og ved hjelp av digitale verktøy
Under Kulturmøte (felles for begge modellane) er måla
- samtale om eigne kulturelle og interkulturelle erfaringar
- utforske nokre sider ved kvardagsliv, tradisjonar og skikkar i eitt eller fleire land eller kulturar
- oppleve og ta del i kulturen i målspråkområda gjennom å bruke tekst, bilete, film eller musikk
- bruke digitale verktøy til samarbeid og møte med autentisk språk
Evaluering av forsøket
Forskarar skal oppsummere og analysere erfaringar og resultat, blant anna gjennom kontakt med elevar og føresette, lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar. Forskarane skal òg dokumentere og vurdere lokal organisering og gjennomføring, kva for utbytte og motivasjon elevane har hatt, erfaringar med dei to opplæringsmodellane i læreplanen og gjennomføringa av etterutdanningstilbodet.
www.fremmedspraksenteret.no/fremmedsprak_barnetrinn