Utskriftsvennlig side tips en vennTips en venn 

Påmelding til eksamen i vidaregåande opplæring våren 2010

Brev | Publisert: 25.01.2010   Sist endret: 25.01.2010

Her er informasjon om påmelding av kandidatar til sentralt gitt eksamen i vidaregåande opplæring våren 2010.

Skolar og privatistkontor skal melde kandidatar til eksamen i PAS. Adresse: www.udir.no/pas.

Utdanningsdirektoratet presiserer at påmelding i PAS føreset at trekking av kandidatar må vere gjord før påmeldinga skjer i PAS.

Brukarrettleiingar er publiserte på www.utdanningsdirektoratet.no under menyvalet Eksamen - Eksamen i Eksamen i videregående opplæring.

Fristen for å melde på kandidatar i PAS er 1. mars.

Påmeldingar etter utløpet av fristen
Etterpåmeldingar skal som hovudregel ikkje godtakast. Det blir ikkje teke omsyn til etterpåmeldingar når det gjeld trykking av eksamensoppgåver. Dersom skolane etterpåmelder kandidatar, må skolen sjølv syte for å laste ned oppgåvene frå PAS. Det er ikkje høve til å bestille oppgåver etter at fristen er gått ut. All etterpåmelding skal skje tenesteveg via fylkesmannen.

Privatistar
Privatistar skal ha same eksamen på same dag som elevane som tek eksamen etter Kunnskapsløftet. I fag med førebuing vil førebuingsmateriellet liggje på www.utdanningsdirektoratet.no under menyvalet Eksamen - Eksamen i Eksamen i videregående opplæring.

Eksamensplan og hjelpemiddel
Informasjon om eksamensdagar finst på www.utdanningsdirektoratet.no under menyvalet Eksamen - Eksamen i Eksamen i videregående opplæring.

Oversikt over dei enkelte eksamensløpa og hjelpemidla for faga ved sentralt gitt eksamen i Kunnskapsløftet og Reform 94 finst i informasjonsskriv som er publisert på www.utdanningsdirektoratet.no under menyvalet Eksamen - Eksamen i Eksamen i videregående opplæring.

IKT-basert eksamen
Alle skolar/eksamensinstitusjonar som ønskjer det, kan gjennomføre IKT-basert eksamen. IKT-basert eksamen kan gjennomførast i alle fag med unnatak av del 1 av eksamen med 2 delar i faga matematikk, kjemi, fysikk og biologi og alle prøver med lokal sensur. Det er ikkje eigne kodar for IKT-basert eksamen, og skolane treng ikkje å avgjere om eksamen skal vere papirbasert eller IKT-basert ved påmeldinga.

Utsending av eksamensoppgåver
Alle skolar, uavhengig av om dei gjennomfører eksamen IKT-basert eller på papir, vil få tilsend papirutgåver i alle eksamenskodane dei har påmelde kandidatar i. Skolen vil få ekstra oppgåvesett rekna ut på bakgrunn av talet på påmelde kandidatar.


Punktskrift/leselist
Skolar med kandidatar som treng eksamensoppgåver tilrettelagt for blinde og svaksynte, kan bestille dette på e-post frå Utdanningsdirektoratet: Punktskrift@udir.no

Særskild tilrettelegging av todelt eksamen
Retningslinjer for særskild tilrettelegging av sentralt gitt skriftleg eksamen i matematikk, kjemi, fysikk og biologi er publisert på Udir.no - Udir-04-2010

Klage på eksamenskarakter
Kandidatar som har nytta høvet til å klage på eksamenskarakteren, og der resultatet av klagebehandlinga ikkje ligg føre før fristen for påmelding til hausteksamen går ut, må melde seg opp innan fristen dersom dei ønskjer å gå opp til denne eksamen. Får dei medhald i klagen og ønskjer å trekkje påmeldinga, vil dei få tilbakebetalt påmeldingsgebyret.

Overføring av eksaminandar
Overføring av eksaminandar til andre skolar må berre gjerast i spesielle tilfelle og skal ordnast direkte mellom skolane.

Eksamen i utlandet
I heilt spesielle tilfelle er det mogleg å ta eksamen i utlandet. Nærmare opplysningar om dette finst i Informasjon 2006/4258. Uansett tidssone må eksamen i utlandet arrangerast i same tidsrom som i Noreg. Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Vest-Agder. I søknaden må ein spesifisere når, kvar og i kva fag ein ønskjer å gå opp. Søknaden må grunngivast. Ei skriftleg stadfesting frå den utanlandske eksamensstaden må liggje ved søknaden.

Norsk
For eksamen i norsk: Sjå Rundskriv Udir-9-2009 som erstattar rundskriv Udir-02-2005.

Siste høve til å avleggje sentralt gitt skriftleg eksamen i norsk etter Reform 94 er våren 2010.
Rammene for privatisteksamen i norsk finst i Utdanningsdirektoratets rundskriv Udir-9-2009.

Sentralt gitt skriftleg eksamen i norsk hovudmål og norsk sidemål etter R94 blir halden fredag 21. mai og fredag 28. mai. Kandidatane kan altså melde seg på til VG4004 anten 21. mai eller 28. mai, og tilsvarande for VG4006. Sjå høvet til variant B ved påmelding i PAS.

Oppgåvesetta har oppgåver både i fagskriving og friskriving. Kandidatane må velje den varianten (fag eller fri) som dei manglar. Dei er sjølve ansvarlege for dette.

Privatistar som skal ta eksamen i både hovudmål og sidemål våren 2010, skal melde seg på til eksamen i VG4004 norsk hovudmål fredag 21. mai og VG4006 norsk sidemål fredag 28. mai.

Privatistar som skal ta eksamen i anten hovudmål eller sidemål våren 2010, skal velje den eksamensdatoen som lèt seg kombinere med andre eksamensdatoar for privatisten.

Privatistar med fritak frå vurdering i skriftleg sidemål (VG40ZÆ) skal ta eksamen i VG400Z 21. mai og VG400Æ 28. mai.

Ved påmelding i PAS er dette alternativa:
VG4004 norsk hovudmål 21. mai
VG4004 norsk variant B hovudmål 28. mai
VG4006 variant B norsk sidemål 21. mai
VG4006 variant norsk sidemål 28. mai
VG400ZÆ er påmeldingskode for fritakselevar, med to prøvedelar 21. og 28. mai.

Eksamen i Norsk som andrespråk for språklege minoritetar i Kunnskapsløftet. Vidareføring av eksamen etter NOA-planen
Kunnskapsdepartementet har vedteke å forlengje overgangsordninga for eksamen i Norsk som andrespråk for språklege minoritetar. Forlenginga av denne overgangsordninga gjeld førebels for 2010, medan ein ventar på ei utgreiing og etablering av ei langsiktig ordning for elevgruppa. Les meir her.

Denne ordninga gjeld for elevar våren 2010:

• Det blir mogleg for språklege minoritetselevar med kort butid i Noreg å ta  eksamen etter NOA-planen våren 2010
• Elevane må få god informasjon. Det er lokale vurderingar mellom skole og elev som avgjer kva for elevar som bør få høve til å melde seg opp til eksamen etter NOA-planen
• Det er eleven sjølv som avgjer kva for eksamen han/ho skal meldast opp til, anten eksamen etter NOA-planen eller etter ordinær læreplan i norsk
• Dei elevane som vel å ta eksamen etter NOA-planen, har ein eigen eksamenskode på vitnemålet NOR1049

Eksamen for elevar i Norsk som andrespråk for språklege minoritetar blir halden våren 2010 på desse datoane:

• Førebuingsdag torsdag 20. mai
• Eksamen fredag 21. mai
Bruk av hjelpemiddel følgjer reglane i Kunnskapsløftet.

Privatistar i faget Norsk som andrespråk for språklege minoritetar har eksamen torsdag 20. mai 2010, kode NOR1063/VG4161. Bruk av hjelpemiddel følgjer også her reglane i Kunnskapsløftet.

Eksamen i SAM3038 Psykologi 2
Første sentralt gitt skriftleg eksamen i SAM3038 Psykologi 2 er våren 2011. Elevar som har Psykologi 2 skoleåret 2009/2010, kan trekkjast ut til munnleg eksamen. Munnleg eksamen i dette tilfellet vil altså kunne erstatte ein skriftlig eksamen slik det er gjort greie for i Udir-1-2009 Trekkordning ved eksamen i Kunnskapsløftet

C-språk 3 (Reform 94)
Privatistar kan meldast opp til eksamen i C-språk 3 berre når faget er
• felles allment fag, og privatisten kan dokumentere tidlegare standpunktkarakter i faget
• studieretningsfag, 3. framandspråk

Framandspråk nivå I+II (LK06: fellesfag for kandidatar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk i grunnskolen)
Privatistar kan meldast opp til eksamen i fellesfag framandspråk nivå I+II berre når privatisten kan dokumentere tidlegare standpunktkarakter i faget.

Resultata frå fellessensuren blir henta frå PAS.

Spørsmål til dette skrivet skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til fylkesmannen. Skrivet er offentleggjort på www.utdanningsdirektoratet.no under menyvalet Eksamen - Eksamen i Eksamen i vidaregåande opplæring.

 

Direktoratet i Oslo, Hamar og Molde:   Tlf: 23 30 12 00   |   Faks: 23 30 12 99   |    post@utdanningsdirektoratet.no   |   Mer kontaktinformasjon

Ansvarlig redaktør: Helge Lund   |   Redaktør: Doris Amland   |   redaksjon@utdanningsdirektoratet.no   |   Om nettstedet