Utskriftsvennlig side
Tips en venn
Hjelpemiddel Reform 94 - elevar
Oversikt over tillatne hjelpemiddel til sentralt gitt skriftleg eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa i Reform94.
Brev | Publisert: 15.01.2008 Sist endret: 15.01.2008
Dette skrivet gjeld elevar i vidaregåande opplæring i R94. Hjelpemiddel for elevar i vidaregåande opplæring i Kunnskapsløftet som skal ha eksamen våren 2008, er offentleggjorde på heimesida til Utdanningsdirektoratet.
Vedlegget til dette skrivet gir oversikt over tillatne hjelpemiddel og eksamensordningar ved sentralt gitt eksamen i dei enkelte faga.
Oversikt over hjelpemiddel og eksamensordningar for privatistar, lærlingar,
praksiskandidatar og eksaminandar i VKII Bedrift avviksfag er gitt i eige skriv.
Etter § 4-18 i Forskrift til opplæringslova avgjer Kunnskapsdepartementet korleis sentralt gitt eksamen skal organiserast. Departementet har delegert ansvaret for dette arbeidet til Utdanningsdirektoratet.
Ved lokalt gitt eksamen har fylkeskommunen ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar, jf. forskrifta til opplæringslova § 4-19, og for kva hjelpemiddel som er tillatne, jf. forskrifta § 4-23 Hjelpemiddel til eksamen.
1. Førebuingsdel ved sentralt gitt eksamen
Rundskriv LS-43-2002 Sentralt gitt skriftleg eksamen våren 2003 i vidaregåande opplæring gir ein del fag førebuingsdel på ein dag før individuell eksamen for elevar. I førebuingsdelen er alle hjelpemiddel tillatne. Elevane kan arbeide i grupper, individuelt eller kombinere individuelt arbeid og gruppearbeid.
Notat frå arbeidet i førebuingsdelen kan takast med til eksamen. Omfanget av notatet er for alle fag med førebuingsdel avgrensa til to A4-sider. Notatarket skal ikkje leverast inn saman med oppgåvesvaret og skal ikkje vurderast. Dette gjeld også for friskrivingsdag med førebuingsdel i norsk, norsk som andrespråk for språklege minoritetar, samisk og finsk som andrespråk, dvs. fagkodane:
• VG4000/VG4001-VG400X/Y-VG4120/21
• VG4160
• VG4100/4101/4102-VG4140/4141/4142
• VG4180
Elevane har ikkje krav på tilgang til lokale på skolen, datamaskinar eller anna utstyr utover tidsramma for ein ordinær skoledag. Rolla til faglæraren er avgrensa til å vere til stades for å svare på spørsmål. Det skal ikkje undervisast.
2. Privatistar som skal ha eksamen med førebuing
Innanfor dei studieretningane der elevar og privatistar har lik eksamen, til dømes elektrofag og somme mekaniske fag, gjeld ordninga med førebuing med notatark avgrensa til to A4-sider.
3. Generelt om hjelpemiddel
I alle faga er desse hjelpemidla tillatne:
• Ordinære rettskrivingsordbøker, ordrettingsprogram, synonymordbøker og fremmendordbøker.
• læreplan
• vurderingsrettleiingar
• relevante skrive- og teiknesaker, og måleutstyr
Tillatne hjelpemiddel må vere formålstenelege og relevante for eksamen og ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere elevens eller privatistens eigen kompetanse, jmf. Forskrift til opplæringslova § 4-23. Utdanningsdirektoratet presiserer difor at omsetjingsprogram ikkje er tillatne.
Til eksamen i fag som har førebuingsdel, er alt materiell som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet til førebuingsdelen, og notatark (to A4-sider), tillatne hjelpemiddel.
Bruk av elevbøker/oppsummeringsnotat
Bruk av elevbok i matematikk (dvs. formelsamling med eigne notat)
Vi viser til rundskriv LS-28-2003 Bruk av elevbok ved sentralt gitt skriftlig eksamen i matematikk – eksamen vår og høst 2004 – videregående opplæring. Ordninga er forlengd til å gjelde for eksamen i Reform 94.
Vi gjer merksam på at det ikkje er tillate å lime inn nye sider over opphavleg tekst i formelsamlinga. Det kan noterast og gjerast tilføyingar, men den opphavlege teksten og formatet i formelsamlinga må ikkje endrast. Nye ark med matematisk innhald kan eventuelt limast inn på sider som opphavleg var blanke i formelsamlinga.
Dersom ein eksaminand vil ha med formelsamling i matematikk til eksamen i fysikk 3FY, må formelsamlinga, som tidlegare, vere utan notat. Det som no er definert som elevbok i matematikk, er med andre ord ikkje tillate å bruke på eksamen i 3FY.
Bruk av elektronisk elevbok i rettslære
I rettslærefaga blir det gjennomført ei utprøving med IKT som hjelpemiddel i opplæringa og på eksamen. Elevane kan lage si eiga elektroniske elevbok. Omfanget på denne boka er avgrensa til 1,44 megabyte. Skolen vel sjølv kva medium elevboka skal lagrast på. Elevboka er tillate hjelpemiddel på eksamen. Kvar elev må levere elevboka til skolen dagen før førebuingsdelen tek til. Eleven får tilgang til elevboka når eksamen startar. I tillegg kan eleven ta med seg to A4-sider med notat frå førebuingsdelen. Siste eleveksamen er hausten 2008.
Som eit ledd i evalueringa av utprøvinga i rettslære skal elevbøkene til dei som kjem opp til eksamen, leverast inn. Skolen må sørgje for at desse elevbøkene blir sende samla på éin CD til Utdanningsdirektoratet.
Bruk av eigenproduserte notat (oppsummeringsnotat) i kjemi
Vi viser til rundskriv LS-34-2003 Utvidet bruk av hjelpemidler til eksamen i kjemi 3KJ, prøveordning for eksamen våren og høsten 2004 og 2005. Ordninga er forlengd til å gjelde for Reform 94.
4. Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og lommereknar på sentralt gitt eksamen
Somme fag krev bruk av IKT i opplæringa og på eksamen. Omfanget og bruken av IKT og hjelpemiddel i desse faga er lista opp i vedlegget til dette skrivet.
IKT kan nyttast på alle sentralt gitte eksamenar. I førebuingsdelen er alle hjelpemiddel
tillatne; til eksamen er det avgrensingar når det gjeld visse typar programvare, informasjonsinnhenting og kommunikasjon.
Bruk av IKT på eksamen krev
• at IKT er brukt aktivt i opplæringa, og at heile grupper bruker dette til eksamen
• at ein slik eksamen er mogleg å gjennomføre, dvs. at skolane har nok datautstyr og har sikringstiltak som kan setjast inn ved eksamen. Skolen har ansvaret for at maskinene og programvarene eksaminandane skal bruke på eksamen, fungerer slik dei skal
• at eksaminandane ikkje kan kommunisere seg imellom eller ha tilgang til Internett eller andre kommunikasjonssystem
• at skolen informerer eksaminandane om at eksaminandane sjølve har ansvaret for å gi namn til dokumentet sitt (klasse, eksaminandnummer osv.) og å lagre regelmessig på tildelte lagringsmedium
• at skolen etter kvar eksamensdag tek sikringskopi av dei elektroniske oppgåvesvara som eksaminandane har produsert. Sikringskopien skal takast vare på like lenge som oppgåvesvara, dvs. eitt år. Vedlegget til dette skrivet opplyser om oppgåvesvaret skal leverast elektronisk og/eller på papir
• at retningslinjene for bruk av lommereknar blir følgde, jf. skrivet SUE/Vg – 98-036 Regler for bruk av lommeregner ved eksamen – språkbruk i eksamensoppgaver i matematikk, og rundskriv LS-19-2002 Eksamen våren og høsten 2002 – eksamensordninger og hjelpemidler i videregående opplæring og teknisk fagskole, under punktet Bruk av lommeregner til sentralt gitt eksamen.
Vi viser elles til rundskriv F-055-99 Bruk av informasjonsteknologi i opplæringa.
5. Særskild tilrettelegging av eksamen
Dei reglane om hjelpemiddel til eksamen som er gitt i dette skrivet, gjeld i prinsippet også for elevar med behov for særskild tilrettelegging av eksamenar. Desse kan i tillegg bruke dei hjelpemidla og/eller programma som er spesielt utvikla for denne målgruppa, jf. forskrifta til opplæringslova § 4-24 Særskild tilrettelegging av eksamen og prøver gjennom året.
6. Eksamen om hausten
På same måten som tidlegare vil det til eksamen om hausten bli utarbeidd felles oppgåver for elevar og privatistar. I dei faga der eksamen for elevar har førebuingsdel, vil det også til eksamen om hausten bli utarbeidd førebuingsdel for privatistar.
Rektor må sørgje for at innhaldet i dette skrivet så snart råd er blir gjort kjent for lærarar og elevar.
Spørsmål som gjeld dette skrivet, skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til fylkesmannen.
Vedlegg: Tillatne hjelpemiddel og eksamensordningar ved sentralt gitt eksamen i Reform 94 etter fagkode