Utskriftsvennlig side tips en vennTips en venn 

Eksamensplanen: Sentralt gitt skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring skoleåret 2010/ 2011

 

Brev | Publisert: 25.06.2010   Sist endret: 19.08.2010

Som vedlegg følgjer eksamensplanen med oversikt over eksamensdagane hausten 2010 og våren 2011.

Eksamensplanen dekkjer alle sentralt gitte skriftlege eksamenar for elevar, privatistar, lærlingar og praksiskandidatar.

Elevar og privatistar får likelydande eksamensoppgåver. Dette gjeld også dei faga som har førebuing. Førebuingsmateriellet vil bli publisert på vår nettstad dagen før sjølve eksamen.

For privatistar som ønskjer å avleggje fleire eksamenar, kan det no bli naudsynt å fordele dette på både hausten og våren. Det er blant anna derfor eksamensplanen no blir offentleggjord for heile skoleåret 2010/2011.

Privatisteksamen i språk som det ikkje har vore gitt opplæring i, blir berre halden om hausten.

Dato for offentleggjering av trekk hausten 2010 er tysdag 16. november kl. 09.00. Dato for offentleggjering av trekk våren 2011 er fredag 13.mai kl. 09.00.

Hausten 2010 er møtet for fellessensuren tysdag 4. januar. Våren 2011 er møtet for fellessensuren tysdag 21. og onsdag 22. juni.


Spørsmål til dette skrivet skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til fylkesmannen.

 

 

 

Direktoratet i Oslo, Hamar og Molde:   Tlf: 23 30 12 00   |   Faks: 23 30 12 99   |    post@utdanningsdirektoratet.no   |   Mer kontaktinformasjon

Ansvarlig redaktør: Helge Lund   |   Redaktør: Doris Amland   |   redaksjon@utdanningsdirektoratet.no   |   Om nettstedet