Ei god språkutvikling er viktig for barn både på kort og lang sikt. Evna til å bruke språket er avgjerande for korleis barn kan kommunisere med vaksne og med andre barn, korleis dei kan setje ord på erfaringar, fortelje om noko viktig, diskutere og reflektere saman med andre.
- Artikkel
-
Publisert: 06.12.2011
Temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen er eit supplement til rammeplanen og er særleg knytt til del 2, «Innhaldet i barnehagen», og kapittel 3.1, «Kommunikasjon, språk og tekst». Temaheftet knyter seg også til to stortingsmeldingar: St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer inneheld eit kapittel om språkmiljø og språkstimulering i småbarnsalderen og legg stor vekt på mangfald. St. meld. nr. 41 (2008– 2009) Kvalitet i barnehagen legg vekt på kvalitet, innhald og kompetanse i ein situasjon med full barnehagedekking.