Eksempeloppgåver i lesing
Her finn du eksempeloppgåver i lesing for 5. og 8. årssteget. Eksempeloppgåvene i lesing er papirbaserte slik som dei nasjonale prøvene.
Hefta med eksempeloppgåver inneheld forskjellige typar tekstar og både fleirvalsoppgåver og opne oppgåver. Ei fleirvalsoppgåve består oftast av eitt spørsmål og fire svaralternativ der berre eitt svar er rett. Eleven skal setje ein ring rundt den bokstaven som står ved det svaret han eller ho meiner er rett. I nokre oppgåver skal eleven ta stilling til fleire utsegner og setje ring rundt eitt av to svaralternativ for kvar utsegn, til dømes rett eller gale.
Ei open oppgåve består av eit spørsmål som eleven skal svare på med sine eigne ord. Nokre spørsmål ber berre om eit kort svar, til dømes eit namn eller eit tal, mens andre spørsmål ber om at eleven forklarer eller grunngir svaret. Talet på linjer gir eit visst inntrykk av kor langt svaret bør vere.
Det finst ikkje vurderingsrettleiingar eller fasitar til eksempeloppgåvene. Dei tidlegare prøvene skal heller ikkje registrerast i PAS, men kan brukast som øvingsoppgåver.