Det er lagt ut nye elektroniske eksempeloppgåver i rekning og engelsk til nasjonale prøver 2009. Eksempeloppgåvene i lesing på norsk er papirbaserte og lik som i fjor.
Det er viktig å merke seg at eksempeloppgåvene ikkje er fullverdige prøver, men berre gir eksempel på oppgåvetypar som vil bli brukte i dei nasjonale prøvene. Dei nasjonale prøvene som skal gjennomførast til hausten vil ha eit større omfang. Når det gjeld lesing og rekning skal dei ha ei prøvetid på 90 minutt, mens prøven i engelsk skal ha ei prøvetid på 60 minutt. Dette gjeld både 5. og 8. trinn.
Eksempeloppgåvene skal gjere det mogleg for lærarar og elevar å bli kjende med oppgåvetypane i nasjonale prøver. Det skal ikkje setjast poeng på eksempeloppgåvene, og resultata skal ikkje registrerast i Prøveadministrasjonssystemet (PAS). Det finst ikkje vurderingsrettleiingar eller fasitar til eksempeloppgåvene.
Engelsk 5. trinn
Engelsk 8. trinn
Regning 5. trinn
Regning 8. trinn
Lesing 5. og 8. trinn