Utskriftsvennlig side tips en vennTips en venn 

Klagehandsaming etter sentralt gitt eksamen med sentral sensur våren 2010

Artikler | Publisert: 04.06.2010   Sist endret: 04.06.2010

Generelt

Vi viser til forskrift til opplæringslova. Kapittel 5 gjeld klage på vurdering.

Når eksaminandar (og faglærarar) blir gjort kjende med retten til å klage på eksamenskarakterar, må ein understreke at klagehandsaming ikkje er det same som ny sensur på fritt grunnlag. Klagenemnda skal vurdere om den gitte karakteren er urimeleg i høve til eksamensprestasjonen. For at karakteren skal hevast, er det ikkje tilstrekkeleg at oppgåvesvaret kan synast noko strengt bedømt.

Eksaminandane må bli gjort kjende med at karakteren kan senkast, dersom klagenemnda finn at den opphavlege karakteren er urimeleg god.

Rådføring med faglærar

Vi vil understreke at ein bør rådføre seg med ein faglærar i samband med klage på eksamenskarakter.

Klagefrist for eksaminandar

Klagefristen er 10 dagar og gjeld frå det tidspunktet eksaminanden, eventuelt fullmektig, er gjort kjend med karakteren eller burde ha gjort seg kjend med den. Klagen må leverast skolen. Dersom klagefristen ikkje blir halden, mister eksaminanden normalt retten til å klage.

Registrering av klager i PAS – klageskjema

Registrering av klager skjer i PAS. Detaljert informasjon om dette finn ein i ”Brukerveiledning for skoleadminstrator (Eksamen)”:

http://www.utdanningsdirektoratet.no/Artikler/_Eksamen/Brukerrettleiingar-til-PAS---eksamen/

For dei faga som har IKT-basert eksamen (PGS), vil eksamenssvara bli tilgjengelege i PAS for klagenemndene som ved primærsensuren.

Når klagehandsaminga er avslutta, skriv skolane ut ein rapport frå PAS med utfallet av klagehandsaminga og grunngjeving for kvar einskilt kandidat. Dette gjeld både for IKT-baserte og papirinnsendte eksamenssvar.

Når skolane sender inn papirsvar, skal oppgåvesvaret i original sendast saman med følgjebrevet, som ein skriv ut frå PAS under ”Følgeseddel – klage”.

Vi ber skolen om ikkje å sende med andre følgjeskriv til klagene eller kopi av oppgåvesvar. Dersom ein eksaminand klagar gjennom fullmektig, skal fullmakta vere på skolen og ikkje sendast inn.

Skolane sin frist for innsending av klager

  1. Klager i følgjande fag frå Studieretning AA/Studieførebuande utdanningsprogram og Felles allmenne fag/Fellesfag kan handsamast raskt: norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biologi, teknologi og forskingslære, kommunikasjon og kultur, medie- og informasjonskunnskap, treningslære (IDR2005 i Kunnskapsløftet)

    engelsk, tysk, fransk, spansk,

    samfunnskunnskap, bedriftsøkonomi, rettslære, samfunnsøkonomi, økonomi og informasjonsbehandling, reiseliv, IT-fag, marknadsføring, rekneskap, organisasjonslære, geografi, geofag, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, informasjonsteknologi, næringslivsøkonomi, historie og filosofi, reiseliv og språk.

    For at klagene i desse faga skal kunne handsamast raskt, må dei vere hos fylkesmannskontoret som er ansvarleg for klagehandsaminga så snart som mogleg, og seinast innan

    fredag 2. juli kl 1200.

    Papirsvar må sendast rekommandert eller som ”ekspress over natta”. Ta omsyn til at det tek nokre dagar før rekommandert post kjem fram.

    Utfallet av klagehandsaminga med endelege karakterar og grunngjeving for vedtaka blir kunngjorde fortløpande for skolane i PAS etterkvart som resultata er klare. Ein reknar med at klager som kjem med i denne klagehandsaminga, er ferdig handsama seinast innan utgangen av fredag 9. juli. Det er viktig at det er personell på skolen som kan ta seg av dei klagene som er ferdig handsama, og eventuelt skrive ut nye vitnemål.

    Søkjarar til universitet og høgskolar som har gitt skriftleg melding til opptaksorganet om at dei har klaga på eksamenskarakteren, vil bli vurderte for opptak på grunnlag av endra vitnemål. Føresetnaden er at dei ettersender det nye vitnemålet snarast, slik at det er opptaksorganet i hende seinast onsdag 14. juli kl 1200 for hovudopptaket, og onsdag 28. juli kl 1200 for eit eventuelt suppleringsopptak.

    Eksaminandar som ønskjer rask handsaming av klager i faga nemnde ovanfor, må rekne med å få ein forkorta klagefrist. Vi ber skolane spesielt informere eksaminandane om dette.
  2. Klager i alle øvrige fag i alle studieretningar/utdanningsprogram, og klagar frå eksaminandar som ikkje rekk den forkorta klagefristen i fag nemnd i punkt 1: Klager i desse faga må vere hos det fylkesmannskontoret som er ansvarleg for klagehandsaminga så snart som mogleg, og seinast innan

    onsdag 25. august kl 1200.

    Det er viktig at denne fristen blir halden, slik at rettane til eksaminandane blir ivaretekne. Under føresetnad av at tilstrekkeleg mange personar blir oppnemnde i klagenemnder, reknar ein med at klagene er ferdig handsama innan 7. oktober. Utfallet av klagehandsaminga med endelege karakterar og grunngjeving for vedtaka blir kunngjorde fortløpande for skolane i PAS etterkvart som resultata er klare. Papirinnsendte klager blir returnert til skolane.

    Ein må rekne med at klager som kjem til fylkesmannskontoret etter 25. august, vil bli handsama i samband med klagehandsaminga etter hausteksamen 2010.

Kor blir klagene handsama?

(Det går fram av PAS kven som handsamar klagene. Denne oversikta er berre med som informasjon.)

Studieretning/Utdanningsprogram Fag Kven
Studieretning AA/
Studieførebuande utdanningsprogram

norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biologi,

teknologi og forskingslære, kommunikasjon og kultur, medie- og informasjons­kunnskap, treningslære (IDR2005 i Kunnskapsløftet)

samisk, finsk, latin, italiensk, russisk, japansk, klassisk gresk

Fylkesmannen i Østfold
Avdeling for utdanning og justis
Postboks 325
1502 Moss
norsk teiknspråk, norsk for døve og sterkt tunghørte Fylkesmannen i Sør-Trøndelag
Avdeling for oppvekst og utdanning
Postboks 4710 Sluppen,
7468 Trondheim

engelsk, tysk, fransk, spansk,

historie og filosofi, reiseliv og språk, samfunnskunnskap, bedriftsøkonomi, rettslære, samfunnsøkonomi, reiseliv, IT–fag, marknadsføring, rekneskap, organisasjonslære, geografi, geofag, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, informasjonsteknologi, næringslivsøkonomi

Fylkesmannen i Rogaland
Utdanningsavdelinga
Postboks 59
4001 Stavanger
nyare kunst- og kulturhistorie, transportfag, drama Fylkesmannen i Oppland
Oppvekst- og utdanningsavdelingen
Serviceboks
2626 Lillehammer
Studieretning MD musikkorientering


Ein kan ikkje rekne med at klager som er feilsende, kjem med på ordinær klagehandsaming.

Vi minner om at klager i fag med lokal sensur skal sendast eigen fylkeskommune. (Dette gjeld også i fag med lokal sensur der eksamensoppgåva er sentralt gitt.)

Spesielt for norsk

Ved klage i norsk skal skolen berre sende inn det oppgåvesvaret som klagen gjeld. Ein skal altså ikkje sende inn både hovudmål og sidemål, med mindre eksaminanden har klaga på begge karakterane. For eksaminandar i Reform ’94 med fritak for vurdering i sidemål (VG400Z og VG400Æ) må begge oppgåvesvara sendast inn.

Nytt vitnemål etter klagehandsaming

I §5-3 i "Forskrift til opplæringslova" heiter det m.a.: «Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet eller kompetansebeviset, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.» Endring etter klagehandsaming gir rett til nytt førstegongsvitnemål, jf. ”Forskrift til opplæringslova” i § 3-43, 2. ledd:
” Førstegongsvitnemål kan berre bli utstedt éin gong til den personen det gjeld. Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.”

Spørsmål

Spørsmål til denne informasjonen skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til Fylkesmannen.

 

Direktoratet i Oslo, Hamar og Molde:   Tlf: 23 30 12 00   |   Faks: 23 30 12 99   |    post@utdanningsdirektoratet.no   |   Mer kontaktinformasjon

Ansvarlig redaktør: Helge Lund   |   Redaktør: Doris Amland   |   redaksjon@utdanningsdirektoratet.no   |   Om nettstedet